MS «Espenes»
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | MS «Espenes» |
Eigar: | Trygve Vangberg |
Verft: |
A/S Stord på Stord Sauholmen og Sønn i Fusa |
Verftsnummer: |
4 14 |
Sjøsett: | 1945 |
Overtatt: | Desember 1945 |
Heimehamn: | Oslo |
Kjennemerke: | LLLL |
Generelle mål | |
Type: | Fiskebåt |
Daudvekt: | 250 tonn |
Lengd: | 28,80 m |
Breidd: | 6,90 m |
Djupgang: | 3,10 m |
Installert effekt : | 200 hk |
Framdrift: |
Totakts, firesylindra råoljemotor frå De Forenede Motorfabrikker |
Fart: | 8,5 knop |
Karriere | Noreg |
Namn: | MS «Vardholm» |
Eigar: | P/R Terje Johansen, sidan fleire eigarar |
Overdratt: | November 1946 |
Lagnad: | Utbrent 1980 |
Generelle mål etter ny motor i 1957 | |
Installert effekt : | 180 hk |
Framdrift: |
Totakts, tresylindra råoljemotor frå De Forenede Motorfabrikker |
Generelle mål etter ny motor i 1964 | |
Installert effekt : | 240 hk |
Framdrift: |
Totakts, tresylindra dieselmotor frå Wichmann (1955) |
M/S «Espenes» var ein fiskebåt bygd for Trygve Vangberg i Oslo. Skroget vart bygt i tre av skipsbyggar Sauholmen og Sønn i Berggrend i Fusa kommune i Hordaland, medan resten av skipet vart bygd på A/S Stord.
Historie
endreSkroget vart sjøsett på seinsommaren 1945, men var ikkje heilt vellukka. Det var noko grunt og evjebotn, slik at skroget sette seg fast i evja. Ein måtte derfor ha hjelp til å få det laust. Skroget vart så slept til Stord, der båten vart gjort ferdig. I desember 1945 var fiskebåten klar til å gå på fiske, klassifisert av Det Norske Veritas.
20. november 1946 kjøpte Partrederiet Terje Johansen i Jennestad i Sortland fiskebåten som no fekk namnet MS «Vardholm». «Vardholm» fekk ny motor i 1957 og igjen i 1964.
21. februar 1977 vart båten kjøpt av P/R Torbjørn Havbakk, og 13. april 1978 vart han kjøpt på auksjon av Jahn Holthe i Rødseidet. På grunn av økonomiske problem overtok Abelvær Slipp og Mekaniske Verksted båten.
Vinteren 1980 vart det brann i Vardholm i Lofoten. Vardholm var fullstendig utbrent og vart kondemnert.
Kjelder
endre- Hvor ble båtene av?. Historiegruppen ved Aker Stord. 2000. s. 26-27. ISBN 82-95726-0-6 Check
|isbn=
value: length (hjelp).