Fiskefartøy
båt for å fange fisk
(Omdirigert frå Fiskebåt)
Fiskefartøy eller fiskebåt er eit omgrep på alle typar fartøy nytta i fiskeri. Ved utgangen av 2003 var det 9 931 fiskefartøy registrert i Noreg. 2366 var opne båtar og 6915 hadde dekk. Av båtane med dekk var 650 bygd i stål og 6 915 i tre og andre materialar. Dette registeret omfattar båtar som deltar profesjonelt i fiskeria.
Yrkesfiskarane har båtar med ulik storleik og fangstreiskap etter kva for fiske dei deltar i, og kor havgåande fisket er. Dei viktigaste båttypane er:
- Ringnotsnurpar for havgåande fiske, typisk etter sild, makrell og lodde.
- Autoline-fartøy for banklinefiske og filetproduksjon, botnfisk.
- Fabrikktrålar for konsumfisk med foredlingsanlegg ombord.
- Industritrålar for fiske etter fiskeslag for oppmaling til olje eller mjøl, -typisk augepål, tobis og kolmule.
- Kystfiskefartøy for ulikt kystfiske etter konsumfisk eller lokal tråling etter reke. Denne fartøygruppa består av mange mindre sjarkar med og utan dekk (25-40 fot) for lokalt kystfiske, men også større, skøyter (40-70 fot). Kystfiskefartøy deltar ofte i fleire ulike sesongbasert fiskeri langs kysten med ulik reiskap.
I tillegg finst det mange fiskebåtar som er eigd og brukt av av hobbyfiskarar og fritidsfiskarar.
Kjelder
endre- Karlsen, Kjeldsberg, Sandnes, Hay, Juul (red.): Båten, bruket og fangsten ISBN 978-82-8090-020-3
- Denne artikkelen bygger på «Fiskefartøy» frå Wikipedia på bokmål, den 16. juli 2012.