MS «Queen Elizabeth 2»

MS «Queen Elizabeth 2» var eit cruiseskip som tilhøyrde Cunard Line og var i virke frå 1969 til 2008.[1]

MS «Queen Elizabeth 2»
RMS Queen Elizabeth 2 in Trondheim 2008.jpg

Skipet var kalla opp etter det transatlantiske passasjerskipet RMS «Queen Elizabeth». MS «Queen Elizabeth 2» var flaggskip for reiarlaget fram til fartøyet vart erstatta av RMS «Queen Mary 2» i 2004. Det vart bygd i Clydebank, ved elva Clyde i Skottland.

Gjennom 40 år i fart sigla skipet over det meste av verda, og vart i den siste perioden sett inn i cruisefart frå Southampton. Skipet vart teke ut av teneste mot slutten av 2008 og vart sidan nytta som flytande hotell i Palm Jumeirah i Dubai.

KjelderEndra

  1. Queen Elizabeth 2 i Store norske leksikon

  • Denne artikkelen bygger på Queen Elizabeth 2 frå Wikipedia på bokmål, versjonen frå 8. juli 2018