MS «Vøringen» (1983)
M/S «Vøringen» i Norheimsund 1983. Foto: Harald Sætre. | |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | MS «Vøringen» |
Eigar: | Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap |
Verft: | Westamarin i Mandal |
Verftsnummer: | 87 |
Sjøsett: | 1983 |
Teke ut av teneste: | 1989 |
Heimehamn: | Bergen |
Kjennemerke: | LMBN |
Generelle mål | |
Type: | Snøggbåt |
Tonnasje: | 91 bruttotonnregister, 36 nrt |
Lengd: | 24,70 m |
Breidd: | 5,60 m |
Djupgang: | 2,75 m |
Installert effekt : | 1780 bhk |
Framdrift: | 2x 8cyl. 4T DM (MTU, Friedrichshafen) |
Passasjerar: | 103 passasjerar |
Karriere | Danmark |
Namn: | MS «Kagga» |
Eigar: | HT Group K/S |
Sett i teneste: | 1991-1997 |
Heimehamn: | Halsskov |
Karriere | Danmark |
Namn: | «Stevns Server» |
Eigar: | Svend Thormod Petersen & Stevns Shipping A/S |
Sett i teneste: | November 1997 |
Heimehamn: | Svendborg |
Karriere | Liberia |
Eigar: | Merchant Shipholding SA |
Sett i teneste: | April 2002 |
Heimehamn: | Monrovia |
MS «Vøringen», seinare «Stevns Server», er ein snøggbåt levert frå Westamarin i Mandal i mars 1983 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).
Båten gjekk mellom anna i rute mellom Norheimsund og Odda.
I juli 1989 vart båten seld til ein ukjend kjøpar, og i august 1991 vart han seld vidare til HT Group K/S i Halsskov i Danmark og omdøypt «Kagga». Båten vart seld vidare til Svend Thormod Petersen & Stevns Shipping A/S i Svendborg i Danmark i november 1997. Han fekk då namnet «Stevns Server». I april 2002 vart han seld til Merchant Shipholding SA i Monrovia i Liberia og den vidare lagnaden er ukjend.