Friedrichshafen
Friedrichshafen er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 65 000 innbyggjarar. Byen høyrer til landkreisen Bodenseekreis og ligg på nordsida av Bodensjøen nær grensa til Sveits og Austerrike.
Friedrichshafen | |||
by | |||
|
|||
Land | Mal:Landdata Tyskland, Württemberg-Hohenzollern, Baden-Württemberg | ||
---|---|---|---|
Stat | Baden-Württemberg | ||
Region | Tübingen | ||
Landkreis | Bodenseekreis | ||
Høgd | 400 m | ||
Areal | 69,94 km² | ||
Folketal | 63 441 (31. desember 2023) | ||
Postnummer | 88045–88048 | ||
Retningsnummer | 07541, 07544 | ||
Bilnummer | FN | ||
![]() Friedrichshafen 47°39′15″N 9°28′45″E / 47.654166666667°N 9.4791666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Friedrichshafen |
Friedrichshafen er mest kjend som heimstaden til luftskipprodusenten ZLT Zeppelin Luftschifftechnik GmbH, no med namnet ZLT Zeppelin Luftschifftechnik GmbH & Co KG, og Dornier Flugzeugwerke, i tillegg til ZF Friedrichshafen AG, som lagar transmisjonssystem. Grev Ferdinand von Zeppelin, som var fødd i Konstanz, bygde opphavleg luftskip i ein flytande monteringshall på innsjøen.
Ved breidda av innsjøen ligg det i dag eit stort Zeppelin-museum. Dei siste åra har ein laga små zeppelinarar med bruk av moderne teknologi (Zeppelin NT) og desse kan ta turistar med på rundturar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Friedrichshafen» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juni 2007.