MS «With Harvest»

MS «With Harvest» er eit lasteskip bygd i 2014 ved Fiskarstrand Verft som byggnummer 77. Skipet vart levert 1. august same år til Egil Ulvan Rederi. Det har ei lengd på 69,9 meter, og ei breidde på 17,2 m. Skipet fraktar fiskefôr og har ein kapasitet på 3000 t. «With Harvest» er utstyrt med seks bulkrom på til saman 5000 kubikkmeter. Skipet er utstyrt med Graintec, lukka lastesystem, som lastar 300 tonn/t. Skipet brukar Graintec lossesystem som har ein kapasitet på 200 tonn/t, med rekkjevidde på 27 meter. Toppfarten på skipet er 14,3 knop, og det har ein «servicefart» på 13 knop.[1][2][3]

MS «With Harvest»
Karriere
Type: Lasteskip
Eigar: Egil Ulvan Rederi
Registreringshamn: Trondheim
Verft: Fiskerstrand Verft
Byggjenummer: 77
Sett i teneste: 2014
Status: I drift
Identifisering: IMO-nummer: 9692117
Generelle eigenskapar
Dekkbreidde: 17,20 meter}
Djupgang: 8,60 meter
Mannskap: 9

Motortrøbbel vest for Hidra endre

1. mai 2020 fekk «With Harvest» motorhavari i Berrefjord, vest for Hidra. Redningsskøyta RS «Kristian Gerhard Jebsen» bistod skipet og hindra det i å gå på grunn.[4] «With Harvest» var i området for å levera fiskefôr til Mowi sitt oppdrettanlegg.[5]

Referansar endre

  1. «WITH HARVEST». Henta 10. mars 2021. 
  2. «M/S «WITH HARVEST» - Skipsrevyen.no» (på norsk bokmål). 16. november 2014. Henta 10. mars 2021. 
  3. «Bygg nr.: 77 "With Harvest" - 2014 - Fiskerstrand Verft AS». Arkivert frå originalen 10. april 2021. Henta 10. mars 2021. 
  4. [1]
  5. Berge, Aslak (2. mai 2020). «70 meter lang fôrbåt fikk motortrøbbel vest for Hidra» (på norsk bokmål). Henta 10. mars 2021.