Opna hovudmenyen
Hidra
Kirkehamn
Kirkehamn
Geografi
Norway - Hidra.png
Stad Sørlandet
Koordinatar 58°13′28″N 06°35′14″EKoordinatar: 58°13′28″N 06°35′14″E

Areal 20,4 km²

Høgaste punkt Langelandsfjellet (291 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vest-Agder

Hidra er ei øy i Flekkefjord kommune i Vest-Agder med 600 innbyggjarar. Hidra var tidlegare ein eigen kommune, men blei i 1965 del av storkommunen Flekkefjord.

Lakseoppdrett er ein viktig næringsveg på øya. Hidra er òg eit populært feriemål som har ein restaurant, «Isbua», og kystmuseet Fedrenes Minne.

Det vert arbeida med å få øya landfast via ein undersjøisk tunnel.

Innhaldsliste

Hidra LandfastEndra

Våren 2007 vart det frå samferdselsdepartementet gjeve tilsegn om at undersjøisk tunnel kunne delfinansierast ved innsparte ferjesubsidiar og bompengar i lang nok tid til at prosjekteringsarbeidet er i gang per juli 2007. Tunnelen vil følgje nesten same rute som ferja går i dag.

Topografi og geologiEndra

Øya er nesten utelukkande granitt, med litt moreneavsettingar i fjellsprekkene. På innsida av øya finn ein eik og annan lauvtreskog og ein del sjeldan flora, som viltveksande primula, som lokalt vert kalla «kusmarblomst». Øya er delt av Eiekanalen inst i Rasvågfjorden, med gjennomfart for småbåtar. Øya si strategisk gode plassering førte til at tyske okkupasjonsmakter bygde eit av sine større artillerianlegg på Hummeråsen over Rasvåg i løpet av den andre verdskrigen. Kyrkja på øya ligg i Kirkehamn. Der vert det årleg arrangert skalldyrfestival.

KommunesogeEndra

Hovudartikkelen for dette emnet er Hidra kommune.

Hidra var frå innføringa av formannskapslovene i 1837 del av Nes og Hitterø formannskapsdistrikt. I 1893 vart denne kommunen delt i to og Hidra (Hitterø) vart sjølvstendig kommune med 2 075 innbyggjarar. Det er uklårt når kommunenamnet vart endra frå Hitterø til Hidra.

1. januar 1965 vart Hidra, som då hadde 1 277 innbyggjarar, slått saman med Flekkefjord by, Gyland og Nes, samt det meste av Bakke kommune (bortsett frå Øksendal) til den nye Flekkefjord kommune.

I tillegg til sjølve Hidra og småøyene kring, omfatta Hidra kommune også område på fastlandet, innom Hidrasundet, vestover og nordover til grensa mot Rogaland, som går etter fjorden Åna og vassdraget oppover til Lundevatnet. I aust gjekk kommunen til Stolsfjorden.

YmseEndra

Industripioneren Johan G.B. Mejlænder var frå Rasvåg på Hidra.

BakgrunnsstoffEndra