MS «Etne»
MS Etne ved kai i Herøysund, Kvinnherad i 1981. Foto Harald Sætre. | |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | MS «Etne» |
Eigar: | Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap |
Verft: | Skaalurens Skibsbyggeri i Rosendal |
Verftsnummer: | 199 |
Sjøsett: | 1962 |
Teke ut av teneste: | 1983 |
Heimehamn: | Bergen |
Kjennemerke: | LNHN |
IMO-nummer: | 5109227 |
Generelle mål | |
Type: | Passasjerskip |
Tonnasje: | 263 bruttotonnregister, 98 nrt |
Lengd: | 127,7 fot (38,9 m) |
Breidd: | 28,0 fot (8,5 m) |
Djupgang: | 7,6 fot (2,3 m) |
Installert effekt : | 500 bhk |
Framdrift: | 5cyl. 2T EV DM (Wichmann Motorfabrikk) |
Passasjerar: | 100 passasjerar |
Bilar: | 18 køyretøy |
Generelle mål etter ombygging i 1972 | |
Tonnasje: | 265 bruttotonnregister, 98 nrt |
Lengd: | 139,2 fot (42,4 m) |
Breidd: | 28,0 fot (8,5 m) |
Djupgang: | 7,6 fot (2,3 m) |
Karriere | Noreg |
Namn: | MS «Striltun» |
Eigar: | Simon Møkster |
Sett i teneste: | September 1983 |
Heimehamn: | Stavanger |
Karriere | Saint Vincent |
Namn: | MS «Snapper» |
Eigar: | Jeffrey L. King & John A. Lewis |
Sett i teneste: | 1987 |
Omdøypt: |
1996: «Bequa Express» 13. september 2004: «Gem Star» |
Heimehamn: | Kingstown |
Status: | Framleis i fart |
MS «Etne», i dag «Gem Star», er eit motorskip. Det vart levert i februar 1962 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap.
Ho vert bygd i Rosendal på Skaalurens Skibsbyggeri. Båten gjekk i fart frå Bergen til Hardangerfjorden og Sunnhordland. «Etne» hadde spiss baug, men ferjelem bak og kunne frakte opp mot 18 bilar. I tillegg kunne ho ta 100 passasjerar. I helgene vart ho ofte nytta som avlastingsferje på diverse ferjeruter. Båten vart forlenga med fire meter i 1972.
I september 1983 vart «Etne» selt til Stavanger og fekk namnet «Striltun». I 1987 vart ho seld til Karibia og hadde frå 1996 til 2002 Kingstown som heimehamn. Båten var då blitt ombygd og vart nytta som fraktefartøy. Ho vart først omdøypt «Snapper», fekk i 1996 namnet «Bequa Express» og har sidan 2004 heitt «Gem Star».
Båten er framleis i fart.