MacKenzie Bay

MacKenzie Bay er ei relativt lita bukt heilt vest i Amery isbrem, kring 30 km nordaust for Foley Promontory. Den 10. februar 1931 observerte British Australian New Zealand Antarctic Research Expedition (BANZARE) (1929-31) ei mykje større bukt her og flydde over området for å skissere ho. Dei namngav ho «MacKenzie Sea» etter kaptein K.N. MacKenzie, kaptein på ekspedisjonsskipet «Discovery» i 1930-31. Etter at ein stor del av Amery isbrem har brote laus har vika vorte langt mindre. I 1968 var bukta 25 km brei. Fleire norske kvalbåtar oppdaga den opphavlege bukta nesten samstundes med BANZARE og kvalbåten «Seksern» (kaptein Brunvoll) nådde området den 13. januar 1931, og «Torlyn» (kaptein Klarius Mikkelsen) den 13. februar 1931.

MacKenzie Bay
bukt
Mackenzie Bay - Antarctica.jpg
MacKenzie Bay
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Stad Mac. Robertson Land
 - koordinatar 68°38′S 70°35′E
Administrert under Antarktistraktaten

MacKenzie Bay
68°37′60″ S 70°34′60″ E
MacKenzie Bay is located in Antarktis
MacKenzie Bay (Antarktis)

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «MacKenzie Bay» (innhald frå Geographic Names Information System).