Kvalbåt er ein båt som er brukt til eller bygd for å jakte og skyte kval. Harpunane vart til å byrje med kasta med handkraft. Dei eldste kvalbåtane vart rodd eller seglt og var tilknytt eit moderskip (seglskuter, sjå illustrasjonane) eller landstasjonar.

Kvalbåtar kring 1790.
Kvalbåt frå andre halvdel av 1800-talet.
«Southern Actor» ved Museumsbrygga i Sandefjord i Vestfold

Historikk endre

 
Moderne kvalbåtar ved hamn i Reykjavik i Island.

Kvalbåtane frå 1900-talet var spesialbygd til kvalfangst og dei er særmerkte ved at dei har harpunkanon i baugen, og mast med utkikkstønne. Frå styrehuset går brua fram til kanonen slik at skyttaren kunne kome seg raskt på plass. Kvalbåtane vart heilt til 1950-talet bygd med dampmaskin, fordi desse var stillegåande. Då kvalfangsten tok slutt midt på 1960-talet vart mange norske kvalbåtar ombygd til fiskebåtar.

Norske kvalbåtar endre

Den første dampdrivne kvalbåten, «Speast & Fides», vart bygd av Svend Foyn i 1863. Seinare fann Foyn opp harpunkanonen. Desse to nyvinningane la grunnlaget for norsk kvalfangst i Sørishavet som utvikla seg frå 1894. Kvalfangsten før 1910 vart oftast drive med ein landstasjon som base. Slike stasjonar hadde Foyn i Finnmark, og slike vart oppretta på Sør-Georgia og mange andre stader, òg langs norskekysten. Kvalbåtar i pelagisk kvalfangst hadde eit moderskip, eit såkalla flytande kvalkokeri. Ein kvalfangstekspedisjon bestod då av éit kvalkokeri med opptil ti kvalbåtar og eit par såkalla bøyebåtar.

To kvalbåtar frå moderne kvalfangst er tekne vare på gjennom fartøyvernet i Noreg. Den eine er «Southern Actor», den andre er «Forlandet».

Fram til tidleg på 1960-talet var Sandefjord heimehamn for mange kvalbåtar. I sommarhalvåret låg det mange kvalbåtar i hamna. Éit eller to kvalkokeri var òg vanleg syn i hamna.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre