Macadamia
planteslekt
Macadamia er ei planteslekt frå Aust-Australia. Frøa frå nokre av artane blir etne som makadamianøtter. Slekta er kalla opp etter John Macadam, ein australsk vitskapsmann som var kollega av Ferdinand von Mueller, som først skildra henne botanisk.
Macadamia | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Proteales |
Familie: | Proteaceae |
Slekt: | Macadamia F.Muell., 1858 |
Slekta omfattar fire artar. Tidlegare rekna ein med fleire artar som no er blitt skilde ut til slekta Lasjia. To av desse veks på Sulawesi i Indonesia og tre i Australia. Desse tre siste er framleis kjende som makadamiatre i daglegtale.
Macadamia-artar dannar eviggrøne tre som kan nå høgder frå 2 til 12 meter. Dei har blomar med ei lengd på 10-15 mm som varierer i farge frå kvit til rosa til lilla.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Macadamia» frå Wikipedia på engelsk, den 16. desember 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- «Macadamia», Australian Plant Name Index (APNI), Integrated Botanical Information System (IBIS) database (listing by % wildcard matching of all taxa relevant to Australia) (Centre for Plant Biodiversity Research, Australian Government), henta 26 Apr 2013
- Mast, Austin R.; Willis, Crystal L.; Jones, Eric H.; Downs, Katherine M.; Weston, Peter H. (2008), «A smaller Macadamia from a more vagile tribe: inference of phylogenetic relationships, divergence times, and diaspore evolution in Macadamia and relatives (tribe Macadamieae; Proteaceae)», American Journal of Botany 95 (7): 843–870, ISSN 1537-2197, doi:10.3732/ajb.0700006, arkivert frå originalen 1. september 2020, henta . april 2013
- Mueller, F.J.H. von (1857) Account of some New Australian Plants. Transactions of the Philosophical Institute of Victoria 2: 72 Type: Macadamia ternifolia F.Muell.