Machu Picchu av Tangerine Dream

Machu Pichu
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve Mars 2012
Innspelt 2004 og 2012
Sjanger
Lengd 45:16
Selskap Eastgate
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi 
Knights of Asheville
(2011)
Machu Pichu Live in Budapest at Béla Bartók National Concert Hall
(2012)


Machu Pichu er det 134. albumet totalt og det 56. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i mai 2011.[1]

Dette er den sjette plata i ein serie omtalt som «cupdiscs», der lengda er kring 40 minutt, som er typisk for lengda på ei LP-plate. Platene kom i eit enkelt pappomslag i staden for det vanlege CD-omslaget i plast, men akkurat denne og den førre plata kom ut i vanleg CD-omslag. Så langt består serien av 11 plater.

Musikken på plata vart opphavleg spelt inn som ei hyllest til John Peel, då han døydde i oktober 2004 i byen Cusco i Peru, nær den heilage Inca-staden Machu Picchu. Edgar Froese, som komponerte alle spora og spelte inn alt, ønskte ikkje å gje ut musikken den gongen. Til slutt klarte kona hans å overtyde han om å gje ut musikken.[1]

Innhald endre

Nr.TittelLengd
1.«Caminos del Inca»10:00
2.«Machu Picchu»5:32
3.«Adios a Cusco»8:08
4.«Tayta Inti»7:26
5.«Rio Urubamba»5:56
6.«La Piedra Intihuatana»8:14

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «The Gate of Saturn». Voices in the Net. Henta 23. juli 2020.