Frottola er nemninga på ei italiensk viseform som var populær i tida frå om lag 1470 til om lag 1530. På denne tida veik forma for madrigalen, som ho er rekna som forlauparen til. Frottolaen er gjerne fleirstemd, med tre eller fire røyster, homofon i utforminga, og med melodien i øvste stemma (til skilnad frå kyrkjemusikken i samtida, som løynde melodien i tenor). Frottole vart ofte skrivne for den italienske overklassa kring 1500, og vart ofte framførte av amatørar. Dei vart utvikla til ei avansert songstil ved hoffet til markien av Mantova, i ser under rettleiing av Marchesaen der, Isabella d'Este, som sjølv åtte god songtrening.

Form endre

Det fanst fleire typar frottole i samtida, utvikla over same lesten. Songane var tufta på eit rimmønster som var sett saman av ei strofe og eit refreng (Ripresa). Forma er sagt å ha utvikla seg frå ballataen som var vanleg på 1300-talet.

Barzellettaen var ei diktform som ofte vart utsett som Frottola, med nokre omskifte i rimmønsteret. Både barzellettaen og ballataen er skylde med den franske virelai-forma som var kjend frå 1300-talet. Rimmønsteret i diktet var ABAB CDCD AB AB (ripresa, mutazione, volta og omkved). Marchetto Cara var den førande i å setja musikk til desse dikta, og er den leiande komponisten innanfor sjangeren, i lag med Bartolomeo Tromboncino. Båe var tilsette hjå Isabella, og er mest kjende for desse songane.

Framføringspraksis endre

Sidan frottolaen ikkje gjer seg av med utvida polyfone drag, er forma sagt å vera opphavet, ikkje berre til madrigalen, men og til monodien, og ber i seg kimen til klassisk funksjonsharmonikk. Ein kan rekne seg til, utan å vera viss på det, at songane kunne framførast med tonefølgje, til dømes lutt, eller som fleirstemde songar. Desse songane vann stor åtgaum av di dei fall lett i øyra, var gode å lyde på, og lette å lære seg. Dei første Frottolabøkene vart utgjevne alt i 1504 (Ottaviano Petrucci).

Josquin des Prez skreiv fleire verdslege frottole i si tid. Elles er dei mest kjende frottolakomponistane italienske, mellom dei Marchetto Cara og Bartolomeo Tromboncino. Forma vart snøgt teken til Frankrike, der han vart bygd om til den franske chansonen, slik han vart nytta av Claudin de Sermisy og Clément Janequin.

Isabella d'Este endre

Isabella tydde særskilt mykje for utviklinga av denne forma. Ho åtte sitt eige hoff, der ho tilsette mange musikarar, og song gjerne sjølv. Ho spela både lutt og tasteinstrument, og kunne framføre frottole sjølv, om ho ville det. Isabella heldt og av italiensk litteratur, og baud personleg om tonesetjing av dikt ho var særleg glad i. Difor er det rimeleg å tru at Isabella har tydd mykje for utviklinga av frottolaen frå folkevise til kunstform, og at ho og har gjeve mykje til framvoksteren av madrigalen i Italia.

Siste bløminngstida endre

Frå om lag 1514 tok mellom anna Tromboncino til med å laga frottole over tyngre dikting, og på denne tida valde han Francesco Petrarca framfor andre diktarar. Med dette vart songstilen meir høgstemd enn før. Samstundes hadde det flote inn polyfone stildrag, noko som førte frottolaen over i ei ny form: madrigalen. Skilnaden på desse var at Frottolaen var meir tydeleg i samkjensla med fraseoppbygginga, der madrigalen flaut fritt i veg etter tekstrytmen.

Kjelder endre