Magas

by i Russland

Magas (russisk Мага́с) er hovudstaden i Republikken Ingusjetia i Russland. Han ligg rundt 1500 km søraust for Moskva. I 2008 hadde han berre 354 innbyggjarar og er dermed den minste byen i Russland.

Magas
Магас
Plassering
Magas is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Ingusjetia
Grunnlagd
Bystatus
1995
2000
Geografi
Flatevidd
 - By

1 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

354
  354 /km²
Koordinatar 43°10′0″N 44°49′0″E / 43.16667°N 44.81667°E / 43.16667; 44.81667
Høgd over havet 560 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 386000, 386001
Retningsnummer (tlf) (+7)87345
Nettstad: www.magas.ru

Byen vart grunnlagt i 1995 og erstatta Nazran som hovudstad i republikken i 2002.

Presidentpalasset i Ingusjetia.

Republikken Ingusjetia vart eit eige føderasjonssubjekt i Russland i 1992, etter å ha vorte skilt ut frå den tidlegare sovjetrepublikken Tsjetsjenia-Ingusjetia. Nazran, den største av dei tre byane i den nye republikken, vart gjort til mellombels hovudstad, men eigna seg dårleg til formålet.

I 1995 grunnla derfor president Ruslan Ausjev den nye byen Magas berre nokre få kilometer sør for Nazran og kalla han opp etter mellomalderbyen Maghas. Den nye byen var meint å tene berre administrative formål. Presidentpalasset og regjeringsbygningen vart bygt i ein rik orientalsk stil og eit forretningsdistrikt er under oppføring. Ein reknar med at byen kan huse rundt 30 000 innbyggjarar i framtida.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre