Magasinet Mojo
MOJO er eit populært musikkmagasin opphavleg publisert av Emap, og sidan januar 2008 av Bauer, kva månad i Storbritannia. Etter suksessen med magasinet Q, såg Emap etter eit magasin som skulle omhandle den gryande interesse for classic rock-musikk. MOJO kom første gong ut 15. oktober 1993 og hadde Bob Dylan og John Lennon på framsida av den første utgåva. Magasinet var kjend for den djupe dekkinga av både populære artistar og kult-artistar og vart ein inspirasjon for magasin som Blender og Uncut. Mange kjende musikkritikarar har skrive for bladet, som Charles Shaar Murray, Greil Marcus, Nick Kent og Jon Savage. Den første redaktøren i MOJO var Paul Du Noyer og han har vore etterfølgd av Mat Snow, Paul Trynka and Pat Gilbert.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Mojo (magazine)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2011.