Magdalena
kvinnenamn
Magdalena og Magdalene er eit kvinnenamn avleia av bynamnet Magdala, etter ein by ved Geneseratsjøen. Magdala skal tyde 'tårn', på hebraisk Migdal. Namnet skriv seg frå Maria Magdalena i Bibelen.
Namnet har gjeve opphav til mange kortnamn, blant dei Malene, Magda, Malin og Lena. Andre variantar er til dømes Madeleine og Madalena.
Namnet Magdalenius er òg kjend som mannsnamn i Troms.
Den fulle forma av namnet var noko utbreidd i Noreg i 1900, men i dag er det mange fleire som brukar ei av kortformene av namnet:
- I 1801 var det etter folketeljinga nær 560 som het Magdalena/Magdalene.
- I 1900 var det etter folketeljinga om lag 2240 som het Magdalena/Magdalene.
- I 2007 var det vel 360 med namnet Magdalena, medan knapt 100 hadde Magdalene til første fornamn.
Kjende namneberarar
endre- Maria Magdalena, kvinne som følgde Jesus i Nytestamentet og i kristen førestilling
- Anna Magdalena Bach (1701–1760), tysk songar
- Magdalena Suarez Frimkess (fødd 1929), venezuelansk keramikar
- Magdalena Abakanowicz (fødd 1930), polsk bilethøggar
- Magdalena Frackowiak (fødd 1984), polsk modell
- Magdalena Neuner (fødd 1987), tysk skiløpar
- Magdalena Berny, polsk fotograf
- Magdalena Bors, australsk kunstnar
- Magdalena Wosinska, amerikansk fotograf
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Madalena hjå Statistisk Sentralbyrå