Magnetostriksjon er forandring av lengda eller volumet til eit ferromagnetisk stoff ved magnetisering, og forandring i magnetisering i eit slikt lekam pga trykk eller strekk. Dette vart oppdaga av J. P. Joule i 1847. Effekten vart først observert hos nikkel og ein del jarn-nikkel-legeringar. Den magnetostriktive effekten blir utnytta i svingarar (transducerar) for omforming av elektriske svingingar til mekaniske, og omvendt, spesielt i generatorar for høgfrekvente lydsvingingar og ultralyd, t.d. ekkolodd.

Animasjon av magnetostriksjon.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre