Magnus Andersen

norsk politikar

Magnus Kristoffer Andersen (20. mars 191611. desember 1994), fødd i Andøy kommune, var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet.

Magnus Andersen
Fødd20. mars 1916
Andøya
Død11. desember 1994
Statsborgar avNoreg
PartiArbeiderpartiet
Yrkepolitikar, fiskar
VervNoregs fiskeriminister 1963–1965
FøregangarOnar Onarheim
EtterfylgjarOddmund Myklebust
VervNoregs fiskeriminister 1972
FøregangarKnut Hoem
EtterfylgjarTrygve Olsen
VervStortingsrepresentant 1965-1969, 1969-1973

Magnus Andersen var statsråd i Fiskeridepartementet (fiskeriminister) i to periodar:

Magnus Andersen arbeidde som fiskar fram til 1955, då han blei formann i Norges Fiskarlag.[1] Han var formann i Fiskarlaget fram til 1963. I januar 1963 leia han som formann i Fiskarlaget ein landsomfattande streik.[2], og vart så sjølv fiskeriminister i september same år. Einar Gerhardsen sa om Andersen: «Han var en dyktig, men stri fiskarlagsformann. Han ble en dyktig og noe mindre stri fiskeriminister».[2]

Etter perioden som fiskeriminister 1963-1965 vart han vald inn på Stortinget for Nordland, og sat der i periodane 1965-1969 og 1969-1973. I den første perioden var han medlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen og nestformann i Sjøfarts- og fiskerikomiteen. I den andre perioden var han nestformann i Fullmaktskomiteen i tillegg til å sitje i dei same komiteane som i den første perioden.[1]

Andersen sat også i ei lang rekkje utval, styre og nemnder gjennom ei lang politisk karriere. Han var blant anna styreformann for Postverket i perioden 1974 til 1982.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «Andersen, Magnus». stortinget.no. Henta 22. juli 2010. 
  2. 2,0 2,1 «Fiskeridepartementet 1946 - 2004» (pdf). regjeringen.no. Henta 24. juni 2013. 

BakgrunnsstoffEndra