Magnus Rindal

Magnus Rindal (fødd 7. februar 1942) er ein norsk norrønfilolog.[1]

Magnus Rindal
Fødd7. februar 1942
NasjonalitetNoreg
Yrkehistorikar, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Rindarl vart fødd på Nordfjordeid. Med cand.philol. i 1968 frå Universitetet i Bergen var Rindal lektor, dosent og professor i norrøn filologi same stad fram til 1989, då han melde overgang til Universitetet i Oslo. Her venta eit professorat i nordisk språkvitskap som han hadde til han vart pensjonist, berre avbrote av tre år innan nordisk mellomalderkultur då han òg leidde Senter for studium i vikingtid og nordisk mellomalder i tida 1993 til 1996. I denne perioden var han òg Noregs forskingsråd sin områdeleiar for kultur og samfunn, og fekk Prisen for god forskningsformidling ved Universitetet i Oslo i 1998. I denne tida vart han òg innvald i Det norske språk- og litteraturselskap frå 1991 og Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1995. Rindal var styreleiar då Høgskulen i Bodø i 2010 vart omgjort Universitetet i Nordland.

KjelderEndra

  1. «Magnus Rindal (CV)».