Magnus Stangeland

norsk politikar

Magnus Stangeland (fødd 17. mars 1941) er ein norsk lærar, næringsdrivar og politikar frå Storebø i Austevoll. Han representerte Hordaland og SenterpartietStortinget i tida 1985-97 og var president i Redningsselskapet 2000-05.

Magnus Stangeland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. mars 1941 (83 år)
Austevoll kommune
Yrke politikar, skuleleiar, forretningsdrivande
Språk norsk
Politisk parti Senterpartiet

Stangeland var son til ein fiskar, og var sjølv fiskar fram til 1961. Dei neste åra utdanna han seg til kystskipper på fiskarfagskule og lærar på lærarskulen på Stord. Frå 1966-68 var han lærar ved Storebø skule og deretter idrettsinstruktør i Sjøforsvaret, før han i 1970 tok over rektorstillinga ved Storebø skule. I 1978 gav han opp læraryrket og vart dagleg leiar i Austevoll utbyggingsselskap til 1980. Åra 1981-85 var han administrerande direktør i District offshore A/S.

Perioden 1972-83 var Stangeland med i kommunestyret i Austevoll, ordførar 1976-81. Medlem i Hordaland fylkesting 1982-83. Valperioden 1981-85 var han vararepresentant for Senterpartiet på Stortinget, og møtte på Tinget nokre gongar. Frå 1985 til 1997 hadde Stangeland fast tingplass på Stortinget frå Hordaland 1985–1997. Alle tolv stortingssesjonane var han med i Samferdslekomiteen, som leiar dei siste fire.

Stangeland trekte seg ut av partipolitikken i 1997, og gjekk tilbake til stillinga som administrerande direktør i DOF Industri A/S, det tidlegare District offshore. Han var elles styreleiar 1999-2002 i Posten Norge BA, og frå 2000 i Kimek A/S, samt medlem i Statens nærings- og distriktsutbyggingsfond, også det frå 2000. I 2000 tok han over vervet som president i Redningsselskapet. Dette vervet hadde han i seks år fram til 6. desember 2005, då han gjekk av etter ei tid med mykje indre strid i selskapet. Stangeland var ei tid styreformann i Bergen Group ASA, der han har hatt ein stor eigarpost.

Etter ein rapport frå Riksrevisjonen i 2008 vart Stangeland og fleire andre tidlegare stortingsrepresentantar tiltalt for urettmessige utbetalingar av pensjon. For Stangeland sin del gjaldt det kroner 536 195, og fordi han hadde late vere å opplyse Stortinget sitt pensjonsstyre om at han hadde inntekter utover pensjonsbeløpet, i form av fast lønn frå AS Bergen Yards, styrehonorar og fri bil. Den 7. januar 2011 dømde Oslo tingrett Stangeland til 60 dagars fengsel utan vilkår. Stangeland anka dommen, og vart frifunnen av Borgarting lagmannsrett 29. november 2011. Riksadvokaten anka frifinninga til Høgsterett, som 23. april 2012 forkasta riksadvokaten si anke.

Kjelder endre