Mahanadi
Mahanadi ('Stor elv'[1]) er ei elv i India som renn gjennom dei austlege delstatane Chhattisgarh og Orissa. Ho har utspring i Satpurafjella i Madhya Pradesh sentralt i India og renn austover til munninga i Bengalbukta.[2] Ho er rundt 860 km lang og har eit nedslagsfelt på rundt 141 600 km². Mesteparten av Chhattisgarh, store delar av Orissa og delar av Jharkhand og Maharashtra høyrer til nedslagsfeltet.[2]
Mahanadi | |||
Elv | |||
Namneopphav: Frå Sanskrit maha (stor) og nadi (elv) | |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Statar | Chhattisgarh, Orissa | ||
Region | Dandakaranya | ||
Byar | Sambalpur | ||
Landemerke | Satkosia-juvet | ||
Lengd | 858 km | ||
Kjelde | Sihawa | ||
Munning | False Point i Odisha | ||
Mahanadi 20°07′N 81°55′E / 20.11°N 81.91°E | |||
Wikimedia Commons: Mahanadi River |
Mahanadi er oppdemd til vasskraft ved Sambalpur, der Hirakud-dammen som har danna ein 55 km lang kunstig innsjø.[1] Etter dammen renn elva gjennom kløfter i Eastern Ghats før ho renn ut i Bengalbukta gjennom fleire munningar. Ved ein av munningane ligg valfartsbyen Puri.[1]
Bakgrunnsstoff
endre- Mahanadi River Arkivert 2004-11-04 ved Wayback Machine., nasa.gov
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Mahanadi River, britannica.com
- ↑ 2,0 2,1 Rivers of India, nih.ernet.in