Opna hovudmenyen

Mahd adh Dhahab, òg kjend som Gullvogga, er det største gullgruveområde på Den arabiske halvøya. Det ligg i Al Madinah-provinsen i Hejaz-regionen i Saudi-Arabia.

Mahd adh Dhahab
landsby
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Provins Al Madinah-provinsen
Koordinatar 23°30′12.96″N 40°51′34.92″E
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg

Det vart først grave ut gull i Arabia kring 3000 fvt. Den andre gullgravarperioden var under dei islamske abbasidane mellom 750 og 1258 evt. Den siste gullgravarperioden byrja av Saudi Mining Syndicate i 1936 ved hjelp av både dagbrot og underjordiske gruver i Mahd adh Dhahab. Det saudiarabiske generaldirektoratet for mineralressursar utførte vidare leiting etter gull i 1970-åra, etter dei nye vilkåra for vekslingskursen mellom amerikanske dollar og gull i 1971, då verdien på metallet auka. Gullgruvedrifta vert i dag utført av Maaden.

KjelderEndra