Mai Mercado
Mai Mercado (fødd 20. august 1980) er ein dansk politikar. Ho har vore vald til Folketinget frå Fyns storkrins sidan 2011 og tilhøyrer Det Konservative Folkeparti.
Mai Mercado | |||
Fødd | 20. august 1980 (44 år) Tønder | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Kongeriket Danmark | ||
Parti | Det Konservative Folkeparti | ||
Yrke | politikar | ||
Institusjonar | Energinet.dk | ||
Utdanna ved | Syddansk Universitet Odense Katedralskole | ||
Alle verv |
Bakgrunn
endreMercado vaks opp i Odense og Nørre Aaby på Fyn. Ho gjekk katedralskulen i Odense og studerte statsvitskap ved Syddansk Universitet frå 2001 til 2008. Ved sida av studia var ho formann i Odense Konservativ Ungdom og medlem av forretningsutvalet til Konservativ Ungdom. Ho var medlem av bystyret i Odense frå 2006 til 2011.[1]
Karriere
endreI 2011 blei Mercado vald inn i Folketinget.[1] Ho har markert seg som sosialpolitikar.[2] Ho var politisk ordførar for Det Konservative Folkeparti frå 2014 til 2016, barne- og sosialminister i den tredje regjeringa til Lars Løkke Rasmussen frå 2016 til 2019 og leiar for den konservative folketingsgruppa frå 2019 til ho trekte seg tilbake i 2024.[1][3]
Privatliv
endreMercado er gift med forretningsmannen Christopher Mercado, som ho har barn med. Dei bur på Frederiksberg.[1][4]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Mai Mercado (KF)» (på dansk). Folketinget. Henta 5. mars 2024.
- ↑ Løvkvist, Kasper (2. august 2023). «Den dag en topminister mistede troen på politik. “Jeg var helt slukket”» (på dansk). Zetland.dk. Henta 5. mars 2024.
- ↑ Garde-Strandberg, Magnus (6. februar 2024). «Topprofil trækker sig fra ledelsen i Konservative: "Det kan sætte yderligere gang i nedtællingen for Pape"» (på dansk). Altinget. Henta 5. mars 2024.
- ↑ Klingenberg, Kenneth (10. januar 2014). «Mai Henriksen hedder nu Mercado». Fyens Stiftstidende (på dansk). Henta 14. april 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Mai Mercado» frå Wikipedia på bokmål, den 14. mars 2024.