Det Konservative Folkeparti
Det Konservative Folkeparti er eit dansk politisk parti. Partiet har bokstaven C på røystesetlane, og vert vanleg omrødd som De Konservative.
Det Konservative Folkeparti | |
![]() | |
Land | Danmark |
---|---|
Partileiar(ar) | Søren Pape Poulsen |
Grunnlagt | 22. februar 1916 |
Hovudkvarter | København |
Medlemstal | 11 800 (2020)[1] |
Ideologi | liberalkonservatisme, økologisme ![]() |
Politisk posisjon | sentrum-høgre |
Soge Endra
Det Konservative Folkeparti vart oppretta i 1915 etter at Højre, De Frikonservative og Moderate Venstre gjekk saman for å danna eitt parti. I 1915 var partiet Højre det dominerande partiet i Danmark, men fleire av dei unge i Højre meinte at ein trengte eit parti med ein nymoderne og sosialkonservativ profil. Dette var ein strategi for å styrkja partiet, ved å kunne representera og henta fleire røyster frå middelklassen.[2] Formelt vart ikkje partiet stifta før januar 1916.[3]
Partiet har vore eit av dei største partia i Danmark, dei fekk t.d. 23,4 % av røystene etter folketingsvalet i 1984.[4] Likevel har oppslutninga til partiet i nyare tider vore lågare. Ved folketingsvalet i 2011 fekk partiet berre 4,9 % av røystene, og fekk dermed berre åtte medlemer til folketinget.[2]
Leiing Endra
John Christmas Møller | 1928-1947 |
Ole Bjørn Kraft | 1947-1955 |
Aksel Møller | 1955-1958 |
Poul Sørensen | 1958-1969 |
Poul Møller | 1969-1971 |
Erik Ninn-Hansen | 1971-1974 |
Poul Schlüter | 1974-1993 |
Henning Dyremose | 1993 |
Hans Engell | 1993-1997 |
Per Stig Møller | 1997-1998 |
Pia Christmas-Møller | 1998-1999 |
Bendt Bendtsen | 1999-2008 |
Lene Espersen | 2008-2011 |
Lars Barfoed | 2011-2014 |
Søren Pape Poulsen | 2014- |
Emil Piper | 1916-1928 |
Charles Tvede | 1928-1932 |
John Christmas Møller | 1932-1939 |
Vilhelm Fibiger | 1939-1948 |
Halfdan Hendriksen | 1948-1957 |
Einar Foss | 1957-1965 |
Knud Thestrup | 1965-1972 |
Erik Haunstrup Clemmensen | 1972-1974 |
Poul Schlüter | 1974-1977 |
Ib Stetter | 1977-1981 |
Poul Schlüter | 1981-1993 |
Torben Rechendorff | 1993-1995 |
Hans Engell | 1995-1997 |
Per Stig Møller | 1997-1998 |
Poul Andreassen | 1998-2000 |
Bendt Bendtsen | 2000-2008 |
Lene Espersen | 2008-2011 |
Lars Barfoed | 2011-2014 |
Søren Pape Poulsen | 2014- |
Kjelder Endra
- ↑ https://www.ft.dk/-/media/sites/ft/pdf/partier/om-politiske-partier/tal-og-fakta-om-partier/partiernes-medlemstal-fra-1960.ashx.
- ↑ 2,0 2,1 «Det Konservative Folkeparti». Store norske leksikon (på norsk). 3. november 2022.
- ↑ «Det Konservative Folkeparti | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 6. november 2022
- ↑ «Folketingsvalget 1984», danmarkshistorien.dk (på dansk), henta 6. november 2022
- Denne artikkelen bygger på «Det Konservative Folkeparti» frå Wikipedia på færøysk, den 6. november 2022.