Maigullslekta
planteslekt
Maigullslekta (Chrysosplenium) er ei planteslekt i sildrefamilien. Medlemane er små og fleirårige vårplantar med runde eller nyreforma blad og veike gjennomskinlege stenglar, kvithåra på den nedre delen. Flat blomsterstand med breie kortskafta dekkblad. Firetalsblomster med enkelt gulgrønt blomsterdekke. Tre artar veks i Noreg.
Maigullslekta | |
Vanleg maigull | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Sildreordenen Saxifragales |
Familie: | Sildrefamilien Saxifragaceae |
Slekt: | Maigullslekta Chrysosplenium L., 1753 |
Norske artar:
- Vanleg maigull (C. alternifolium)
- Dvergmaigull (C. tetrandrum)
- Kystmaigull (C. oppositifolium)
Kjelder
endre- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Milturt» frå Wikipedia på dansk, den 9. januar 2011.