Main Attraction av Suzi Quatro

Main Attraction
Studioalbum av Suzi Quatro
Språk engelsk
Utgjeve November 1982[1]
Innspelt Desember 1981 - mars 1982
Studio The Studio Toppersfield, Essex, England
Sjanger
Lengd 34:38[3]
Selskap Polydor
Produsent
Suzi Quatro-kronologi 
Rock Hard
(1980)
Main Attraction Annie Get Your Gun – 1986 London Cast
(1986)


Singlar frå Main Attraction
  1. «Heart of Stone»
    Utgjeve: 1982
  2. «Main Attraction»
    Utgjeve: 1983
  3. «Remote Control»
    Utgjeve: 1983

Main Attraction er det åttande soloalbumet til den amerikanske musikaren og bassisten Suzi Quatro. Det kom ut i november 1982 og var det første og einaste ho gav ut på Polydor.[1] Albumet vart spelt inn over ein periode på fire månadar i The Studio Toppersfield i Essex i England frå seint i 1981 til tidleg i 1982. Albumet vert generelt rekna kulminasjonen av den glattare, meir vaksne stilen til Quatro. Albumet er kjend som det einaste studioalbumet hennar utan coverlåtar av andre artistar. Men ho hadde folk med seg som låtskrivarar på kvart spor, med unntak av «Two Miles Out of Georgia», som var skriven av Chris Andrews aleine. Albumet var det siste med originale materiale ho gav ut på fire år, før ho gav ut Annie Get Your Gun – 1986 London Cast, og det var det siste studioalbumet hennar i 1980-åra og det siste studioalbumet på åtte år, før ho gav ut Oh Suzi Q., i 1990.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[2]

Albumet kom ut då new wave var på sitt mest populære. «Heart of Stone» vart noko spelt på albumorientert rockeradio, og kom ut som den første singelen frå albumet. Han fekk noko suksess og nådde 60. plassen på den britiske singellista.[5] Tittelsporet vart òg gjeve ut på singel, men gjekk ikkje inn på noko salsliste. Albumet fekk negativ kritikk og det meste av kritikken var retta mot at den musikalske retninga var for kommersiell samanlikna med hardrock-røtene hennar. Albumet selde dårleg og vart kommersielt skuffande, og gjekk ikkje inn på nokre albumlister. Det var første gongen eit av albuma hennar ikkje klarte dette.

Albumet kom ut på ny i 2008 og var den første av fleire ommastra utgåver på Cherry Red Records på CD. Det inneheldt singelversjonen av «Heart of Stone» som bonusspor.

Mottaking endre

I ei seinare melding for AllMusic skreiv Jim Allen om albumet: «eit par av songane er melodiske, akustiske Juice Newton-aktige songar. Nokre få utforkar new wave/electro-dance-stilen og for dei trufaste er det eit par rockarar i klassisk Quatro-stil.» Og dei la til at «albumet er tydelegvis eit portrett av ein artist i rørsle.»[2]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Suzi Quatro og Len Tuckey, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Heart of Stone»
4:07
2.«Cheap Shot» 3:39
3.«She Knows» 3:11
4.«Main Attraction»
  • Andrews
  • Quatro
3:15
5.«Two Miles Out of Georgia»Andrews3:30
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Candy Man»
  • Andrews
  • Quatro
3:13
7.«Remote Control» 3:21
8.«Fantasy in Stereo»
  • Andrews
  • Quatro
3:11
9.«Transparent» 3:18
10.«Oh Baby» 3:53
Total lengd:34:38
Bonusspor på Cherry Red-utgåva
Nr.TittelLengd
11.«Heart of Stone» (singelversjon)3:25

Medverkande endre

Henta frå plateomslaget.[6]

  • Suzi Quatro - solovokal, bassgitar, korvokal
  • Len Tuckey - akustisk gitar, elektrisk gitar, gitarsynthesizer, korvokal, produsent
  • Dave Neal - trommer, perkusjon
  • Chris Andrews - klaverinstrument, korvokal, produsent
  • Jimmy Martin - steelgitar på «Two Miles Out of Georgia»
  • Wendy Roberts - korvokal på «Heart of Stone»

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 785–6. ISBN 1-84195-017-3. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Jim Allen. «Main Attraction - Suzi Quatro». AllMusic. Henta 17. april 2022. 
  3. Unitarium. «Time Calculator». Henta 6. desember 2014. 
  4. Hendriks, Phil; Suzi Quatro; Len Tuckey; Chris Andrews; Michael Hoppen (2008). Main Attraction (CD booklet). Suzi Quatro. London, Storbritannia: Cherry Red Records. GLAM CD 68. 
  5. http://www.officialcharts.com/artist/_/suzi%20quatro/
  6. Main Attraction liner notes. Polydor. 1982. 

Bakgrunnsstoff endre