Jimmy Martin
James Henry Martin (10. august 1927–14. mai 2005) var ein USA-amerikansk bluegrassmusikar, kjend som «King of Bluegrass».[1]
Jimmy Martin | |||
Fødd | 10. august 1927 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Sneedville i Tennessee i USA | ||
Død | 14. mai 2005 (77 år) | ||
Dødsstad | Nashville i USA | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1949–2005 | ||
Sjanger | Bluegrass | ||
Instrument | Gitar, mandolin | ||
Tilknytte artistar | Bill Monroe Lloyd Locke | ||
Plateselskap | Decca, Coral, MCA, Gusto | ||
Verka som | Musikar |
Martin vart kjend då han byrja å spele med Bill Monroe i 1949, og spelte med han fram til 1955, då han skipa sitt eige band, The Sunny Mountain Boys.
Martin var kjend for eit farleg uføreseieleg, men særs underhaldande nærvære på scenen. Han snakka ope om alkoholproblemet sitt og dei kraftige humørsvingingane, som hindra han i å oppnå den livslange draumen om å få bli ein del av Grand Ole Opry.
Han spelte ofte på Louisiana Hayride og WWVA Jamboree (sidan kalla Jamboree U.S.A. i 1960-åra), i tillegg til Grand Ole Opry, men vart aldri invitert til å bli med fast på sistnemnde. Han spelte på Nitty Gritty Dirt Band-albumet Will the Circle Be Unbroken i 1972, i tillegg til oppfølgjarane Volume II (1989) og Volume III (2002).
Diskografi
endreAlbum
endreÅr | Album | US Country | Selskap |
---|---|---|---|
1960 | Good 'n Country | — | Decca |
1962 | Country Music Time | — | |
1963 | This World Is Not My Home | — | |
1964 | Widow Maker | — | |
1965 | Sunny Side of the Mountain | — | |
1966 | Good 'n Country Music | — | |
1967 | Big and Country Instrumentals | — | |
1968 | Tennessee | 42 | |
1969 | Free Born Man | — | |
1970 | Singing All Day | — | |
1972 | I'd Like to Be Sixteen Again | — | |
1973 | Moonshine Hollow | — | Coral |
1974 | Fly Me to Frisco | — | MCA |
1978 | Greatest Bluegrass Hits | — | Gusto |
1980 | Will the Circle Be Unbroken | — | |
Me'n Old Pete | — | ||
To Mother at Christmas | — | ||
First Time Together (with Ralph Stanley) | — | ||
1982 | One Woman Man | — |
Sinlar
endreÅr | Singel | US Country | Album |
---|---|---|---|
1958 | «Rock Hearts» | 14 | singel only |
1959 | «Night» | 26 | Good'n Country |
1964 | «Widow Maker» | 19 | Widow Maker |
1966 | «I Can't Quit Cigarettes» | 49 | Good'n Country Music |
1968 | «Tennessee» | 72 | Tennessee |
Gjestesinglar
endreÅr | Singel | Artist | US Country | Album |
---|---|---|---|---|
1973 | «Grand Ole Opry Song» | Nitty Gritty Dirt Band | 97 | Will the Circle Be Unbroken |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jimmy Martin» frå Wikipedia på engelsk, den 24. oktober 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Morris, Edward. ««King of Bluegrass» Jimmy Martin Dead at 77». CMT News. Henta 9. januar 2020.