Main Street av Roy Wood & Wizzard

Main Street
Studioalbum av Roy Wood & Wizzard
Utgjeve 2000
Innspelt 1975
Sjanger Jazzrock
Lengd 38:39
Selskap Edsel
Produsent Roy Wood
Roy Wood & Wizzard-kronologi 
Introducing Eddy and the Falcons
(1974)
Main Street


Main Street er det tredje albumet til Wizzard, oppført som av Roy Wood & Wizzard. Plata kom ut i 2000, men var opphavleg spelt inn i 1975 og var tenkt som ein del av eit dobbeltalbum i lag med albumet som vart gjeve ut som Introducing Eddy & The Falcons.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 stars link

Historie

endre

Då dei spelte inn Main Street (eller Wizzo som det opphavleg skulle heite) i 1975, hadde gruppa byrja å selje dårlegare og var på randen av å bli oppløyst. Singelen «Indiana Rainbow» (i lag med «The Thing Is This (This Is The Thing)»), kom ut i mars 1976, men vart ikkje plassert på spelelista til BBC Radio 1. Derfor skrinla Jet Records, som Wood hadde kontrakt med på den tida, utgjevinga av albumet. Lydbanda kom først til syne i 1999 og med løye frå Wood vart dei gjeve ut på Edsel.[1]

«French Perfume» vart framført på konsertar av Wizzo Band, som Wood skipa året etter.

Innhald

endre

Alle songar skrivne av Roy Wood.

Nr.TittelLengd
1.«Main Street»6:03
2.«Saxmaniacs»3:05
3.«The Fire in His Guitar»7:17
4.«French Perfume»4:45
5.«Take My Hand»3:58
6.«Don’t You Feel Better»5:13
7.«Indiana Rainbow»4:00
8.«I Should Have Known»4:38

Medverkande

endre
  • Roy Wood - gitar, solo- og korvokal, saksofon, obo, kontrabass, valthorn, elektrisk sitar, bassklarinett, elektronikk klaverinstrument, bass, trommer
  • Rick Price - bass, pedalsteelgitar
  • Charlie Grima - trommer, conga, perkusjon, vokal på «Don't You Feel Better»
  • Bob Brady – piano
  • Nick Pentelow - saksofon, fløyte
  • Mike Burney – saksofon, fløyte
Med
  • Richard Plant - vokal på «Take My Hand»[2]

Kjelder

endre
  1. «Roy Wood». Starling.rinet.ru. Henta 18. april 2022. 
  2. «Main Street - Roy Wood & Wizzard : Credits». AllMusic. 2. mai 2000. Henta 18. april 2022.