Rick Price
Richard Price (10. juni 1944–2022)[1] er ein engelsk bassist, som spelte med ulike Birmingham-baserte rockeband, som Sight and Sound, The Move (1969–1971) og Wizzard (1972–1975).[2][3]
Rick Price | |||
Fødd | 10. juni 1944 (80 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Birmingham | ||
Død | 2022 | ||
Fødenamn | Richard Gordon Price | ||
Opphav | Birmingham, England | ||
Aktiv | Sidan 1960 | ||
Sjanger | Rock | ||
Instrument | Bass, vokal, pedalsteelgitar | ||
Tilknytte artistar | Sight And Sound, The Move, Wizzard, Wizzo Band, Price and Lee, The Rockin' Berries | ||
Verka som | Musikar |
Karriere
endrePrice vart fødd i Birmingham. Det første bandet hans var The Cimarrons, som var inspirerte av The Shadows.[4] Han flytta så til The Sombreros, som seinare endra namnet sitt til Sight & Sound og gjekk i ei meir psykedelisk retning.[4] Han byrja å samarbeide med Mike Sheridan for å skrive songar.[4] Price vart med i The Move i 1969 og var med gruppa i to år, inkludert ein mislykka turné i USA.[4] Han bidrog òg med bass på tidlege innspelingar for debutalbumet til ELO, men av uklåre årsaker vart ingen av basspartia hans med på den endelege miksen av albumet då det kom ut i 1971.
Etter han slutta i The Move signerte han ein kontrakt med Gemini Records. Han spelte så inn albumet This Is To Certify That (med Sheridan) i 1970 og eit soloalbum, Talking To The Flowers, i 1971.[4][5] Han vart med tidlegare Move-kollega Carl Wayne i Light Fantastic, før dei danna Mongrel med dei framtidige Wizzard-trommeslagarane Charlie Grima og Keith Smart.[4][6]
Han byrja å spele med Wood igjen i det nye bandet hans, som fekk to store hitsinglar i Storbritannia, «See My Baby Jive» og «Angel Fingers», i tillegg til juleklassikaren «I Wish It Could Be Christmas Everyday» (alle i 1973).[4]
Etter at Wizzard vart oppløyst, vart han med i Wizzo Band på pedalsteelgitar i 1975, men dei vart oppløyst i 1978.[4] Price har òg vore medlem av The Rockin' Berries sidan 1990.
Price er gift med Dianne Lee frå duoen Peters and Lee.[7]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rick Price» frå Wikipedia på engelsk, den 18. april 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 673–675. ISBN 1-84195-017-3.
- ↑ Kutner, Jon & Leigh, Spencer (2013) 1,000 UK Number One Hits, Omnibus Press, ISBN 978-1844492831
- ↑ «Special Merit Picks», Billboard, 5. juni 1971, p. 40. Henta 12. juni 2014
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 Eder, Bruce «Rick Price Biography», Allmusic. Henta 18. april 2022
- ↑ Eder, Bruce «This Is To Certify: Gemini Anthology Review», Allmusic. Henta 18. april 2022
- ↑ Auslander, Philip (2006) Performing Glam Rock: Gender and Theatricality in Popular Music, University of Michigan Press, ISBN 978-0472068685, p. 177
- ↑ British Hit Singles and Albums, Guinness, 2005, p. 140