Maitlandbreen
Maitlandbreen er ein isbre som flyt langs vestsida av Hitchcock Heights og ut i Mobiloilfjorden, på austkysten av Den antarktiske halvøya. Denne breen trer ikkje tydeleg fram på flyfoto teken av sir Hubert Wilkins på flyturen hans den 20. desember 1928, men er meir tydeleg på flyfoto tekne av Lincoln Ellsworth i 1935 og U.S. Antarctic Service (USAS) i 1940. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) i 1952 etter O. Maitland Miller frå American Geographical Society, som ved hjelp av fotografia til Wilkins og Ellsworth var med på å lage det første rekognoseringskartet av området.
Maitlandbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 68°43′S 65°0′W / 68.717°S 65.000°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Maitlandbreen 68°43′00″S 65°00′00″W / 68.7167°S 65°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Maitland Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).