Majn
Majn (russisk Майн) er ei elv i Tsjukotka i Russland og ei av sideelvane til Anadyr frå venstre. Elva er 150 km lang og har eit nedslagsfelt på 32 800 km². Elva har ei middelvassføring på 260 m³/s.
Majn | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 32 800 km² | ||
Lengd | 475 km | ||
Middelvassføring | 260 m³/s | ||
Kjelde | Korjakfjella | ||
Munning | Anadyr | ||
Majn 65°07′14″N 172°14′20″E / 65.12055556°N 172.23888889°E |
Elva renn hovudsakleg nordover frå kjelda i den vesle Majnkojesjøen i Parapoldalen i Korjakfjella. Elva renn så gjennom tynt folkesette område i skog- og tundraområde i Tsjukotka. Vegetasjonen i området består mellom anna av mose, lav, dvergkratt og siv.
Majn munnar ut i Anadry ved Ust-Majn, om lag midt på Anadyr, i eit våtmarksområde med mange små innsjøar. Elva er isdekt 8-9 månader av året.
Byen Vajegi ligg ved Majn.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Main River (Chukotka)» frå Wikipedia på engelsk, den 2. november 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Tsjuktsjarar