Store arkana
Store arkana (Major Arcana) er dei namngjevne eller nummererte korta i ein tarotkortstokk brukt til spåing. Namnet blei fyrst brukt av okkultistar om trumfkorta i ein vanleg tarotkortstokk som blei brukt til å spela kortspel med.[1] Det blir ikkje brukt av tarotkortspelarar. Vanlegvis er det 22 store arkana-kort i ein standard kortstokk på 78 kort, og dei er vanlegvis nummererte frå 0 til 21.
Før 1600-talet blei tarotkort berre brukte til å spela spel med, og narren og dei 21 trumfkorta var berre ein del av ein standard kortleik.[2] Dei kan ha hatt ei allegorisk og kulturell tyding for dei, men trumfane hadde ikkje opphavleg noka mystisk eller magisk tyding.[2] Med kortstokkar som er utforma til kortspel fungerer desse korta som permanente trumfkort, og skil dei seg frå dei andre korta - talkorta - som okkultistar kallar «vesle arkana».[3]
Omgrepa «Major» eller store og «Minor» eller vesle Arcana blir brukt innan okkultisme og spådomstradisjonar. Dei blei skapte av Jean-Baptiste Pitois (1811-1877), som skreiv under namnet Paul Christian.[4]
Som dei tidlege italienske stokkane som dei opphavleg byggjer på, skildrar kvart kort i store arkana ein scene, som vanlegvis omfattar ein eller fleire personar, med fleire symbolske element. I mange stokkar har kvart av dei eit nummer (vanlegvis i romartal) og eit namn, sjølv om ikkje alle stokkar har begge desse, og nokre berre har eit bilde. Kvar tarotkortstokk er forskjellig og kan ha ulike konnotasjonar knytt til kunsten, men mesteparten av symbolismen er den same. Dei tidlegaste utgåvene, før ein byrja med kartomanti, hadde bilde utan namn og tall på trionfi eller trumfane (kanskje fordi mange av dei som brukte dei på den tida var analfabetar), og rekkjefølgja på korta var ikkje standardisert.[5] «Styrke» er tradisjonelt det ellevte kortet og «rettferd» det åttande, men den innverknadsrike Rider-Waite-kortstkokken endra plasseringa til desse to korta for å gjera dei meir passande til den astrologiske tilknytinga som var utarbeidd av Hermetic Order of the Golden Dawn, der det åttande kortet er assosiert med den astrologiske Løva og det ellevte med Vekta. Begge plasseringa blir rekna som gyldige.
Tal | Tarot de Marseilles[6] | Court de Gébelin[2][7] | Rider-Waite[8][9] | Etteilla[10] | Paul Christian[11] | Oswald Wirth[12] | Golden Dawn[13] | Book of Thoth
(Crowley)[14] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
0 (okkult) eller utan nummer | Narren | Narren | Narren | Narreskap | Krokodillen | Narren | Narren | Narren |
I | Sjonglør | Magikaren ("The Thimblerig, or Bateleur") | Magikaren | Sjukdom | Magus | Magikaren | Magikaren | Magus |
II | Pavinna | Øvsteprestinna | Øvsteprestinna | Etteilla / Female questioner | The Gate of the Sanctuary (of the occult Sanctuary) | Prestinna | Øvsteprestinna | Prestinna |
III | Keisarinna | Keisarinna («Dronning») | Keisarinna | Natt/dag | Isis-Urania | Keisarinna | Keisarinna | Keisarinna |
IV | Keisaren | Keisaren («Konge») | Keisaren | Støtte/Vern | The Cubic Stone | Keisaren | Keisaren | Keisaren |
V | Paven | The Hierophant ("High Priest") | The Hierophant | Ekteksap/union | The Master of the Mysteries (of the Arcana) | Paven | The Hierophant | The Hierophant |
VI | Elskarane | Ekteskap | Elskarane | (ingen)[a] | Dei to vegane | Elskaren | Elskarane | Elskarane |
VII | Stridsvogna | Den triunferande Osiris | Stridsvogna | Dissension | Vogna til Osiris | Stridsvogna | Stridsvogna | Stridsvogna |
VIII | Rettferd | Rettferd | Styrke | Rettferd/jurist | Themis ("The Scales and Blade") | Rettferd | Rettferd | Adjustment |
IX | Eremitten | Vismannen
("The Sage" or "The Seeker of Truth and Justice") |
Eremitten | Traitor | The Veiled Lamp | Eremitten | Eremitten | Eremitten |
X | Lukkehjulet | Lukkehjulet | Lukkehjulet | Fortune / Increase | Sfinksen | Lukkehjulet | Lukkehjulet | Lukkehjulet |
XI | Styrke | Fortitude
(«Styrke») |
Justice | Styrke / Sovereign | The Muzzled Lion ("The Tamed Lion") | Styrke | Styrke | Lust |
XII | Den hangne mannen | Prudence | Den hangne mannen | Prudence / The People | Offeret | Den hangne mannen | Den hangne mannen | Den hangne mannen |
XIII | (Død) - utan namn | Død | Død | Mortality / Nothingness | The Skeleton Reaper ("The Reaper", "The Scythe") | Død | Død | Død |
XIV | Måtehald | Måtehald | Måtehald | Måtehald/prest | The Two Urns ("The Genius of the Sun") | Måtehald | Måtehald | Kunst |
XV | Djevelen | Typhon | Djevelen | Great Force | Typhon | Djevelen | Djevelen | Djevelen |
XVI | Guds hus | The Castle of Plutus ("God-House") | Tårnet | Misery / Prison | The Beheaded Tower ("The Lightning-Struck Tower") | Tårnet | The Blasted Tower | Tårnet |
XVII | Stjerna | Osiris, The Dog Star ("Sirius") | Stjerna | Desolation / Air | The Star of the Magi | Stjerna | Stjerna | Stjerna |
XVIII | Månen | Månen | Månen | Comments / Water | The Twilight | Månen | Månen | Månen |
XIX | Sola | Sola | Sola | Enlightenment / Fire | The Blazing Light | Sola | Sola | Sola |
XX | Dom | Skaping
(«Den siste dommen») |
Dom | Dom | The Awakening of the Dead (the Genius of the Dead) | Dom | Dom | The Aeon |
XXI | Verda | Verda
("Time") |
Verda | Voyage / Earth | The Crown of the Magi | Verda | Universet | Universet |
Merknadar
endre- ↑ But note that Revak identifies a single card labeled "1. Etteilla/Male querent" that does not correspond to any in the Tarot de Marseille.
Kjelder
endre- ↑ Dummett, Michael, Ronald Decker and Thierry Depaulis. A Wicked Pack of Cards, Bloomsbury (1996), p. 38
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Michael Dummett. The Game of Tarot. London: Duckworth, 1980. ISBN 0715631225
- ↑ Ronald Decker and Michael Dummett, History of the Occult Tarot, London: Duckworth, 2002 ISBN 978-0715631225
- ↑ Ronald Decker, Thierry Depaulis, and Michael Dummett. A Wicked Pack of Cards. The Origins of the Occult Tarot. New York. St. Martin's Press, 1996
- ↑ hamiltonparker. «Getting Started with Reading the Tarot Cards for Yourself» (på engelsk). Henta 10. april 2019.
- ↑ Pattern Sheet 001 at i-p-c-s.org. Retrieved 11 August 2022.
- ↑ «Antoine Court de Gébelin | Tarot | Monde primitif». Arkivert frå originalen 9. juni 2019. Henta 9. oktober 2019.
- ↑ Waite 2005.
- ↑ Rider Waite Deck at tarot.com. Retrieved 11 August 2022.
- ↑ Revak, James W. «The Influence of Etteilla & His School on Mathers & Waite, Appendix B: Comparing the Trumps of Etteilla's Tarot with Those of the Tarot de Marseille». Arkivert frå originalen 24. mars 2014. Henta 9. oktober 2019.
- ↑ Decker, Depaulis & Dummett 1996.
- ↑ Wirth, Oswald (1990). The Tarot of the Magicians. York Beach, ME: Samuel Weiser, Inc. s. 155. ISBN 0877286566.
- ↑ Decker & Dummett 2002.
- ↑ Ziegler, Gert (1988). Tarot: Mirror of the Soul. York Beach, ME: Samuel Weiser, Inc. s. 13–59. ISBN 0877286833.
- Denne artikkelen bygger på «Major Arcana» frå Wikipedia på engelsk, den 14. september 2023.