Tarot er ein type kort som kan brukast til å spela kortspel eller i moderne tid særleg til å spå med. Kortstokken inneheld 78 kort med ulike namn og symbol. Tarotkortstokken kan sporast tilbake til 1300-talet som spelkort, medan okkultismen som i dag blir knytt til korta oppstod på 1700-talet. Denne bruken blei meir utbreidd i lag med nyreligiøsiteten som oppstod på 1900-talet, og tarotkort kan i dag brukast til spåing og kort-inspirerte samtalar.[1]

Store Arkana 13 «Døden» i 1500-talsutgåve

Ein tarotkortstokk er inndelt i to distinkt ulike delar: «store arkana» og «vesle arkana», også kalla den store og den vesle løyndommen. Store Arkana består av 22 kort, nummerert frå 0 til 21, medan vesle arkana består av 56 kort som er delte inn i fire såkalla suitar, med 14 kort i kvar. Vesle arkana kan best samanliknast med vanlege spelkort, då han består av ess, fire hoffkort (konge, dronning, riddar og pasje/prinsesse) og ni kort nummererte frå 2 til 10. Suitane blir kalla stokkar, beger, sverd og myntar/pentaklar. Opphavleg blei tarotstokkane brukte til spel, men dei blir no stort sett brukte som eit reiskap for spådommar.

Historie endre

 
Visconti-tarot: Begeress, myntdronning, stavriddar.

Dei første dokumenterte spora av tarotkort kjem frå hoffet til den franske kongen Karl VI. I rekneskapane til kongen frå 1392 var det utgiftsført eit honorar til målaren Jaquenin Gringoneur for arbeidet hans med tre sett dekorerte laga for kongen si fornøying. Av desse er 17 framleis i behald i Biblioteque Nationale i Paris. Utforminga av korta minnar meir om tarotkort enn det ein no forbind med spelkort, utan at det kan slåast sikkert fast at Store Arkana har vore ein del av denne stokken.

Den eldste fullstendige kortstokken som er bevart er Visconti-korta. I denne er Store Arkana inkludert. Desse korta blei måla av italienske Bonifacio Bembo rundt 1420 i samband med giftemålet mellom hertugen av Milano og Bianca Maria Visconti. Det er likevel fyrst frå slutten av 1500-talet at ein kan finna tarotkortstokker som minner om dei som blir brukte i dag.

Symbola endre

Tarotkorta blei ikkje verande enkle og ukompliserte. Alt på 1500-talet fanst det kortstokkar som var ladde med symbolikk. Ofte var symbolikken kristen i uttrykk. Adelege figurar kunne halda biblar i fanget og krossar, den døde som taler med vårherre i lange banner og englar som slåst med djevlar om sjeler i bakgrunnen. I seg sjølv er tarotkorta 78 enkeltsymbol. I tillegg kjem gjenstandar som er avbilda på dei og bidreg til symbolverda. Bordet til magikaren inneheld til dømes ofte reiskapane til magikaren. I Tarot de Marseille er det mellom anna ein kniv, eit glas og ei lampe på arbeidsbordet til magikaren. Magikaren sjølv held ein stav i venstre hand. I kortstokken til A.E. Waite og Pamela Colman Smith har reiskapane til magikaren blitt til eit beger, eit sverd, ein stav, eit pentakkel (ei plate med eit påteikna pentagram) på eit altar. Staven er bytt til høgre hand. Stillinga magikaren er teikna i er dessutan blitt meir symbolsk.

I nyare tid er symbol på korta blitt meir eksplisitt okkulte i utforminga si, særleg etter at okkultistar byrja å ta i bruk tarot til ulike øvingar. Spora etter Eliphas Levi og Golden Dawn er blant dei mest tydelege. Golden Dawn gjorde Store Arkana til ein stor minnemodell. Om studenten kunne sin Store Arkana hadde vedkomande gjennom dei tilknytte symbola til Golden Dawn oversyn over både det hebraiske alfabetet, livsens tre, astrologiske teikn, planetar og grunnleggande numerologi.

Bruk av tarot endre

Den vanlegaste måten å bruka tarotkort på i vesten i dag er som reiskap ved spådommar og tolkingar. Mange av dei som har studert korta har dessutan brukt dei som meditasjonskjelder. På kontinentet er det framleis nokon som bruker tarotkort til kortspel.

Kjelder endre

  1. Winje, Geir (25. januar 2023). «tarot». Store norske leksikon (på norsk). 

Litteratur endre

  • K. Frank Jensen: Tarot, Strubes forlag 1975
  • Emily Peach: The Tarot Workbook, Aquarian Press 1984
  • Robert Wang: Qabalistic Tarot, Samuel Weiser 1983
  • Israel Regardie: The Complete Golden Dawn System of Magic, Falcon Press 1984

Balgrunnsstoff endre

Digitale blakopiar av bøker om tarot endre