Musikkgruppa Majorstuen
Majorstuen er eit norsk folkemusikkensemble skipa i 2000. Majorstuen består av fem felespelarar frå ulike kantar av landet. I tillegg til at alle spelar fele, spelar nokre av medlemmane cello,bratsj og oktavfele. Bandet spelar tradisjonell og eigenkomponert musikk med utgangspunkt i den norske folkemusikken, og dei legg til nyare rytmiske og riffbaserte element.
Ensemblet har gjeve ut fem album, og blitt nominert til Spellemannprisen for to av utgjevingane. For debutalbumet Majorstuen mottok dei Spellemannprisen 2003 i klassa folkemusikk/gammaldans. Ensemblet blei kåra til Årets folkemusikere 2005 av Rikskonsertene som dei fyrste vinnarane i eit nystarta INTRO-folk, eit lanseringsprogram for unge lovande folkemusikarar. Majorstuen fekk dessutan Hilmar Alexandersens Musikkpris samme år.
Majorstuen har spelt på ei rekkje festivalar i Noreg og utlandet, og elles spelt konsertar i land som Canada, Aserbajdsjan, Israel, Frankrike, Slovenia, Storbritannia, Tsjekkia, Mexico og Danmark.
MedlemmarEndra
- Jorun Marie Kvernberg: fele
- Synnøve S. Bjørset: fele
- Anders Löfberg: fele, cello
- Tove P. Hagen: fele, cello
- Bjørn Kåre Odde: fele, bratsj
- Tidlegare medlemmar
- Gjermund Larsen: fele, oktavfele, (bratsj, cello)
- Ragnhild Furebotten: fele
- Andreas Ljones: fele, oktavfele, bratsj
Eige platemerkeEndra
Majorstuen Fiddlers Company (MFC) er Majorstuen sitt eige platemerke. Det blei skipa i 2004 ved utgjevinga av Majorstuen si andre plate, Jorun jogga. Plateselskapet har sidan då gjeve ut platene Juledrøm, Skir og Live in Concert. Gruppa Majorstuen sitt firma har også same namn, Majorstuen Fiddlers Company AS.
Audun Strype var lydteknikar på utgjevinga Jorun jogga, og Jan Erik Kongshaug og Peer Espen Ursfjord frå Rainbow studio var lydteknikarar på Juledrøm og Skir. På Majorstuen – Live in Concert gjorde Herman Kvelprud opptaka mens Tor-Magne Hallibakken miksa og mastra. Einar Olav Larsen var produsent på dei tre siste platene. Trond Kverno var produsent på Jorun jogga og debutplata Majorstuen.
DiskografiEndra
- Jubel (Majorstuen Fiddlers Company, 2020)
- Skrible (Majorstuen Fiddlers Company, 2018)
- Kvitre (Majorstuen Fiddlers Company, 2015) - tingingsverk til Førdefestivalen 2013
- Live in Concert (Majorstuen Fiddlers Company, 2012) – konsertalbum
- Les Boréales compilation (Buda Musique, 2012) – samlealbum
- Skir (Majorstuen Fiddlers Company, 2010)
- Juledrøm (Majorstuen Fiddlers Company, 2006)
- Jorun jogga (Majorstuen Fiddlers Company, 2004)
- Majorstuen (2L, 2002)
BakgrunnsstoffEndra
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Majorstuen_band» frå Wikipedia på bokmål, den 30. januar 2014.
.