Bratsj, også kalla altviolin, er eit strykeinstrument. Det liknar ein fiolin, men er noko større, og klangen er djupare. Celloen og kontrabassen er igjen større og djupare enn bratsjen. Strengene på ein bratsj er stemt i c, g, d1 og a1.

Bratsj

Ein bratsj
Strengeinstrument
Andre namnEngelsk: viola
Klassifiseringbokslutt med hals spelt på med boge
Hornbostel-Sachs klassifisering321.322-71
(Samansett kordofon med bruk av bue for å laga lyd)
Døme
Liknande instrument
Speleregister
Fiolin og bratsj

Det engelske og italienske namnet er viola, på fransk er det alto, og på tysk er det Bratsche. Namnet bratsj er avleia frå det fullstendige italienske namnet, som er Viola da braccio (arm-viola), etter koss instrumentet blir halde i kontrast til Viola da gamba (bein-viola).

Klangen er djupare og mjukare enn på ein fiolin. Dette er på grunn av dei akustiske forholda mellom grunntonen til strengene og klangkroppen til bratsjen. Om ein bratsj skulle hatt den same klangen som ein fiolin, måtte han ha vore over dobbelt så stor som fiolinen, men då ville han vore uspelbar sidan ingen menneske har så lange armar. Instrumentmakarar eksperimenter stadig med utforminga av bratsjen, noko som gir bratsjistar mykje å velje mellom når dei skal finna eit nytt instrument.

Mange bratsjistar har fortid som fiolinistar, og på grunn av den liknande utforminga er ikkje spranget alt for stort. På grunn av storleiken på bratsjen, bruker ein ofte modifiserte fiolinar når små barn skal prøva instrumentet.

I tillegg til å vera eit viktig instrument i symfoniorkester og i strykekvartettar er det òg eit vanleg instrument i ungarsk og rumensk folkemusikk. Men i desse landa har bratsj vore mest vanleg med tre strenger. Desse blei stemt i G, D og A.

Blant kjente komponistar har særleg Wolfgang Amadeus Mozart, Johannes Brahms, Hector Berlioz og Antonín Dvořák bidrege til å gjera bratsjen til eit viktig instrument.

Kjelder endre