Hilmar Alexandersen

Hilmar Alexandersen (22. november 190228. april 1993) var ein norsk felespelar og komponist.

Hilmar Alexandersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. november 1902
Steinkjer kommune
Død

28. april 1993 (90 år)

Yrke musikar

Han var kjend for å spela taterviser og tradisjonell folkemusikk, og hadde ei rekkje utgjevingar, mellom anna serien Gammeldanstreff med P.A. Røstad. Han var mottakar av «Torkjell Haugeruds Minnefond» (1975), var æresmedlem i Landslaget for Spelemenn 1978, og fekk Nord-Trøndelag fylkes kulturpris i 1987. Fram til 2001 var han den einaste, som i tillegg til Sigbjørn Berhoft Osa, hadde fått tildelt feleknappen i gull av Noregs Ungdomslag.

«Hilmarfestivalen» i Steinkjer vart etablert i 2003. Musikken hans vart utgjeven på Hjartespel, i serien «This is music from Norway». Gjermund Larsen stod bak bestillingsverket til Telemarkfestivalen 2006, der musikken til Alexandersen var hovedtema.

Hilmarprisen vart oppretta i 1991, og vert delt ut i namnet hans, i eit samarbeid mellom Steinkjer kommune og Trøndelag fylkeskommune for fremje av folkemusikk.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre