Gassisk
Gassisk eller madagassisk er eit språk i den austronesiske språkfamilien. Ein snakkar språket på Madagaskar, der det er offisielt språk, og på Komorane, Réunion og Mayotte. Språket blir snakka av til saman 6 millionar menneske.
Gassisk Malagasy | ||
Klassifisering | Austronesisk Malayopolynesisk Borneofilippinsk Barito Austleg Gassisk | |
Talarar | gassarar, madagassarar | |
Bruk | ||
Tala i | Madagaskar Komorane Réunion Mayotte | |
Gassisktalande i alt | 17 000 000 | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | mg | |
ISO 639-2 | mlg | |
ISO 639-3 | mlg – gassisk (generisk)
| |
Wikipedia på gassisk |
Gassisk er eit VOS-språk, eitt av få språk i verda der objektet som regel kjem før subjektet i ein setning.
Skrift
endreDet første gassiske skriftspråket nytta arabisk skrift. Det novarande systemet blei utarbeidd av misjonærar på oppdrag av kong Radama I. Det nyttar 21 latinske bokstavar: a, b, d, e, f, g, h, i, j, k, l, m, n, o, p, r, s, t, v, y, z. Tidvis nyttar ein ô (o med cirkumflex) og n̈ (n med trema).
Gassisk språkvitskap
endreEin av verdas fremste ekspertar på gassisk var nordmannen Otto Christian Dahl (1903-95).
Språkdøme
endre- Manahoana - Hei
- Veloma - Ha det
- Iza no anaranao? - Kva heiter du?
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Malagassiska» frå Wikipedia på svensk, den 4. juli 2010.