For regionen i Albania og Montenegro, sjå Malësia.

Malesia er ein biogeografisk region som dekkjer delar av ekvator og grensene til den orientalske og den australske regionen. Han er også ein fytogeografisk floraregion i Paleotropis. Regionen er blitt gjeven ulike definisjonar. World Geographical Scheme for Recording Plant Distributions skilte ut Papuasia i sin versjon i 2001.

Den fyrste definisjonen av Malesia frå WGSRPD
Den andre definisjonen av Malesia frå WGSRPD

Floraregion

endre

Malesia blei fyrst identifisert som ein floraregion som omfatta Malayahalvøya, Malayarkipelet, Ny-Guinea og Bismarckøyane.[1] Dette bygde på ein felles tropisk flora som for det meste stamma frå Asia, men som også hadde mange element frå antarktisk flora, som fleire artar frå dei sørlege bartrefamiliane Podocarpaceae og Araucariaceae. Floaregion dekker fire ulike faunaregionar for pattedyr.

Fyrste utgåva av World Geographical Scheme for Recording Plant Distributions (WGSRPD) nytta denne definisjonen, men i den andre utgåva frå 2001 var Ny-Guinea og Bismarck-arkipelet flytta frå Malesia og plassert saman med Salomonøyane i ein ny region, Papuasia.[2]

Sundaland

endre

Vestdelen av Malesia, som omfattar Malayahalvøya og øyane Sumatra, Java, Bali og Borneo, har same store pattedyrfauna som Asia og er kjend som Sundaland. Øyane ligg den relativt grunne kontinentalsokkelen til Asia, og var forbunde med fastlandet under istidene, då havnivået var lågare. Austkanten av Sundaland er Wallace- linja, med namn etter Alfred Russel Wallace, ein britisk naturforskar som merka seg skilnaden mellom faunaslaga på øyar på ulike sider av linja.

Dipterocarpaceae er den viktigaste plantefamilien for tre i låglandsskogane i Sundaland.[3] Sundaland har det største artsmangfaldet innan familien, med 10 til 14 innfldde slekter og kring 450 innfødde artar, rundt 267 av dei på Borneo, 155 på Malayahalvøya og 106 på Sumatra.[4]

Filippinane

endre

Mesteparten av Filippinane har aldri vore tilknytta det asiatiske fastlandet, og har ein fauna som hovudsakleg stammar frå Asia, men ein særeigen pattedyrfauna.

Filippinane har rundt 50 artar i 11 slekter frå Dipterocarpaceae.[5]

Wallacea

endre

Øyane mellom Sundaland og Ny-Guinea, kalla Wallacea, var aldri tilknytte nabokontinenta. Dei har ein flora og fauna med både indomalayiske og australasiske element.

Dipterocarpaceae, som er utbreidde i Sundaland, er mindre vanlege i Wallacea, med berre 13 artar i 4 slekter.[6]

Ny-Guinea og Bismarckarkipelet (Sahulland)

endre

Saman med Salomonøyane er Ny-Guinea og Bismarckarkipelet plasserte i Papuasia i staden for Malesia i den andre versjonen av WGSRPD. I den tidlegare definisjonen av Malesia utgjorde Ny-Guinea og Aru-øyane aust i Indonesia austenden. Dei er knytte til Australia gjennom ein grunn kontinentalsokkel, og har mange pungdyr- og fugletakson til felles med Australia. New Guinea har også mange ekstra element frå antarktisk flora, mellom anna sørbøk (Nothofagus) og eukalyptus. Ny-Guinea har dei høghaeste fjella i Malesia og Papuasia, og vegetasjonstypane går frå tropisk låglandsskog til tundra.

Kjelder

endre
  1. Wikramanayake, Eric; Eric Dinerstein; Colby J. Loucks; et al. (2002). Terrestrial Ecoregions of the Indo-Pacific: a Conservation Assessment. Island Press; Washington, DC. p 61
  2. Brummitt, R.K. (2001). World Geographical Scheme for Recording Plant Distributions: Edition 2 (PDF). International Working Group on Taxonomic Databases For Plant Sciences (TDWG). Henta 27. november 2006. 
  3. Wikramanayake, Eric; Eric Dinerstein; Colby J. Loucks; et al. (2002). Terrestrial Ecoregions of the Indo-Pacific: a Conservation Assessment. Island Press; Washington, DC. p 61
  4. G. Maury-Lechon and L. Curtet (1998). "Biogeography and Evolutionary Systematics of Dipterocarpaceae". in A Review of Dipterocarps: Taxonomy, ecology and silviculture. Simmathiri Appanah & Jennifer M. Turnbull, eds. Center for International Forestry Research, 1998, Bogor Indonesia.
  5. G. Maury-Lechon and L. Curtet (1998). "Biogeography and Evolutionary Systematics of Dipterocarpaceae". in A Review of Dipterocarps: Taxonomy, ecology and silviculture. Simmathiri Appanah & Jennifer M. Turnbull, eds. Center for International Forestry Research, 1998, Bogor Indonesia.
  6. G. Maury-Lechon and L. Curtet (1998). "Biogeography and Evolutionary Systematics of Dipterocarpaceae". in A Review of Dipterocarps: Taxonomy, ecology and silviculture. Simmathiri Appanah & Jennifer M. Turnbull, eds. Center for International Forestry Research, 1998, Bogor Indonesia.