Opna hovudmenyen
Sti gjennom Malpaís de Güímar

Malpaís de Güímar er eit område som består av ei vulkankjegle, bikjegler og fleire flaumbasaltar i Güímar kommune på øya Tenerife i Kanariøyane. Området dekkjer 2,9 km². Lavastraumane er forholdsvis nye, mindre enn 10 000 år gamle. Den største kjegla heiter Montaña Grande og har ei høgd på 276 meter.

Innhaldsliste

GeografiEndra

Malpaís de Güímar vart forma av ei rekkje vulkanutbrot. Det nyaste av desse skjedde frå sprekkene på sida av Montaña Grande for mindre enn ti tusen år sidan. I tillegg finst to kjelger frå tidlegare utbrot opp frå lavasletta, Montaña de la Mar og Las Morras del Corcho. I tillegg til lavastraumane har det vore pyroklastiske utbrot med oske og vulkanbomber som har skapt dei forskjellige kjeglene. Krateret i Montaña Grande er om lag 300 meter i diameter og om lag 50 meter djupt. Det har ein viss asymmetri, og er breiare på lesida på grunn av at vinden har forma det i løpet av åra. Kystsida har erodert bort sidan siste utbrot og enkelte stader har det danna seg strender. Enkelte stader har lavarøyr kome til syne. Her finst òg Cueva Honda («Djupgrotta») som oppstod av ei stor gassboble inn i eit lavarøyr.

KlimaEndra

Det er lite nedbør i området, og det vetle som kjem renn raskt av overflata. Området er påverka av passatvinden og middeltemperaturen varierer frå 17 °C i januar til 23 °C i august. I tillegg har området særs mykje solstråling, opp til 2500 timar i året. Den relative fukta er om lag 70 %.

NaturreservatEndra

I 1987 vart delar av Malpaís de Güímar omgjort Reserva Natural del Malpaís de Güímar.[1][2] I 1994 vart ei ny lov stadfesta som klassiifiserte området som eit spesielt naturreservat og eit økologisk sensitivt område.[3][2] I 2006, vart resten av Malpaís de Güímar innlemma i reservatet.[4][5]

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  1. Lov 12 av 19. juni 1987, Kanariøyane
  2. 2,0 2,1 "Dictamen 219/2004" Consejo Consultivo de Canarias (spansk)
  3. Lov 12 av 19. desember 1994, Kanariøyane
  4. Lov 13 av 29. desember 2006, Kanariøyane
  5. Tejera, Arnaldo (8. oktober 2007) «La reserva natural del Malpaís de Güímar se convierte en cemento» Canarias24horas.com (spansk)