Malta Plateau
Malta Plateau er eit isdekt platå som strekkjer seg over 46 km i Victory Mountains i Victoria Land. Platået har ei ujamn form og grensar i sør og vest til Marinerbreen, i nord til sidebrear til Trafalgarbreen og i aust til sidebrear til Borchgrevinkbreen. Det vart namngjeve av New Zealand Antarctic Place-Names Committee (NZ-APC) til minne om øya Malta i samband med Victory Mountains.
Malta Plateau | |||
platå | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Victoria Land | ||
- koordinatar | 72°58′S 167°18′E / 72.967°S 167.300°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Malta Plateau 72°58′01″S 167°18′00″E / 72.967°S 167.3°E | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Malta Plateau» (innhald frå Geographic Names Information System).