Marinerbreen er ein stor isbre som er over 100 km lang og som heller ned søraust frå platået i Victoria Land, mellom Mountaineer Range og Malta Plateau og som endar ved Lady Newnes Bay i Rosshavet, der han dannar den flytande Mariner bretunge. Den nedre delen og innløpet til dalen vart undersøkt i desember 1958 av kaptein John Cadwalader i US Navy og to medlemmar av geolog-gruppa frå New Zealand Geological Survey Antarctic Expedition (NZGSAE), på ein flytur frå isbrytarane USS «Glacier» og USCGC «Staten Island» som låg like utanfor sørenden av Coulman Island, i eit forsøk på å få i land ekspedisjonen på fastlandet. Han vart namngjeven av NZGSAE, 1958–59, som ei hyllest til arbeidet sjømennene gjorde i forskinga og utforskinga av Antarktis.

Marinerbreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 73°15′S 167°30′E / 73.250°S 167.500°E / -73.250; 167.500
Lengd 100 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Marinerbreen
73°15′S 167°30′E / 73.25°S 167.5°E / -73.25; 167.5
Marinerbreen is located in Antarktis
Marinerbreen (Antarktis)

Kjelder endre