Mamajev Kurgan

Mamajev Kurgan er ein bakke på breidda av elva Volga i Volgograd med utsikt over byen. Her stod dei harde slaga om Stalingrad i juli 1942 og februar 1943. I dag er Mamajev Kurgan mest kjend for minnesmerke-komplekset til æra for heltane som slost ved Stalingrad, og kjempestatuen Moderlandet kallar! (russisk Родина-мать зовёт!). På Mamajev Kurgan er meir enn 35 000 av forsvararane til Stalingrad gravlagde, både i individuelle graver og massegraver.

Mamajev Kurgan
Mamaev kurgan (ОКН).JPG
Offisielt namnrussisk Мама́ев курга́н, Mamajev Kurgan, òg kalla Høgd 102,0

Mamajev Kurgan
48°44′33″ N 44°32′13″ E

Siden 2014 har Mamajev Kurgan minnesmerkekompleks vore kandidat til opptak på UNESCO si liste over verdsarv.[1]

KampaneEndra

For meir om dette emnet, sjå Slaget om Stalingrad.

Den tyske 6. armé under Friedrich Paulus byrja åtaket på sentrum av Stalingrad den 13. september 1942 med valdsame artilleribeskydninger av Mamajev Kurgan, som på tyske kart var notert som Høgd 102,0. Høgden blei forsvart av den sovjetiske 62. armé under kommando av Vasilij Ivanovitsj Tsjujkov, som måtte flytta hovudkvarteret sitt vekk frå høgda til Tsaritsa. Den 15. september hadde tyskarane erobra høgda, men russane gjekk til motåtak og høgda blei skiftevis erobra fram til den 27. september, då ho blei verande delt mellom styrkane. Den austlege delen av høgda blei halden av 284. infanteridivisjon under leiing av Nikolaj Filippovitsj Batsjuk, i eininga hans var mellom anna snikskyttarane Vasilij Grigorjevitsj Sajtsev og Viktor Ivanovitsj Medvedev. Forsvararane heldt ut til eit sovjetisk motåtak den 26. januar 1943 kom til unnsetting. Slaget veit Stalingrad slutta ei veke seinare med eit totalt tysk nederlag. Slaget hadde flata forma til Mamjev Kurgan og fylt jorda med krutslam, metall og knoklar. Ein kunne tella mellom 500 og 1 200 metallfragment per kvadratmeter. I september hadde den tyske 6. armé avfyrt over 23 millionar skot med rifler og maskingevær, omlag 750 000 mortargranatar, 685 000 tankartillerigranatar og soldatane hadde kasta kring 178 000 handgranatar.[2]

MinnesmerkekompleksetEndra

Allereie under krigen oppstod ideen om å gjera området om til eit markant minnesmerke. Komplekset er det største av sin arten (18 hektar) knytt til andre verdskrigen. Komplekset blei offisielt opna i 1967 og består av ei heil rekke bygningar, skulpturar, anlegg mv.:

  • Inngangspartiet 'Minnet til generasjonane'
  • Pyramideforma poppel-alleen
  • Plassen for dei ståande døde
  • Vegg-ruinen
  • Helteplassen
  • Monumentale relieff
  • Hall for militær berømming
  • Sorgplassen
  • Hovudmonumentet Moderlandet kallar
  • Krigsminnegravplass
  • Minnelund ved foten av Mamajev Kurgan


Etter at dei døydde blei mellom anna marskalk Vasilij Ivanovitsj Tsjujkov og Vasilij Grigorjevitsj Sajtsev gravlagde i Mamajev Kurgan.

GalleriEndra

KjelderEndra

  1. UNESCO World Heritage Centre. «Mamayev Kurgan Memorial Complex "To the Heroes of the Battle of Stalingrad" - UNESCO World Heritage Centre» (på engelsk). whc.unesco.org. Henta 17. mars 2016. 
  2. Jones, Michael K. (2010). Stalingrad: How the Red Army Triumphed. Kapitel 5: Pen & Sword Books. ISBN 978-1-84884-201-4.