Mammons Regimente og Plutonis Herredømme

«Mammons Regimente og Plutonis Herredømme» er ei vise på 30 vers, skriven av Petter Dass. Bladet med tittelen og dei fem første versa av songen er gått tapt. Tittelen er likevel kjend frå eit gammalt handskrift med oversikt over 127 viser av Petter Dass. Visa vart første gong trykt i A.E. Erichsens Dassianna (1891). Handskriftet Erichsen brukte for denne trykkinga, er no ukjent.

Vilt du til store Herrer gaa,
Tag med dig Guld og Penge!
Viss ei, maa du for Porten staa
Og klappe fuldvel længe.

Frå tolvte verset av visa.

Visa osar av vreide over den makta Mammon og Plutos har i verda. Det er dei som betalar for seg, som vert tilsett i gode stillingar, ikkje dei som kan noko, får vi høyre. Pengar og gull kan gjere deg til prest eller prost, dei kan til og med gje deg doktorgrad og anna du måtte mangle.

I visa fortel forfattaren at han aldri vil at sønene sine skal underordne seg eit slikt regiment. I staden skal dei lære seg fiske eller sjømannskap og leve av ærleg arbeid.

Bakgrunnen for at visa vart skriven, var at Jonas Leth, ein kjøpmannsson frå Trondheim, i 1679 vart utnemnd til prest i Vefsn. Petter Dass kjende seg forbigått, han hadde lenge arbeidd som huskapellan i nabosoknet Nesna, for lita løn, og meinte seg vere ein opplagt kandidat til den ledige stillinga.

Sidan tittelbladet er tapt, er meloditilvisinga ikkje kjend. Men songen er skriven på same versemålet som «Allenest Gud i Himmerik». Ola Bremnes har sidan skriven ein eigen tone til songen.[1]

Kjelder: endre

Fotnotar endre

  1. Ola Bremnes: Juvel og sang : Petter Dass Visebok 1997 ISBN 82-02-16228-9