Metrikk

(Omdirigert frå Versemål)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Metrikk i matematikk.

Versemål eller metrikk (av gresk for 'mål') er eit omgrep innan verselære. Metrikk viser til rytmen og rimmønsteret til ei verselinje eller eit dikt.

Rytme endre

I norsk og andre germanske språk går det viktigaste skiljet i språkleg rytme mellom betonte og ubetonte stavingar, etter såkalla aksentuerande prinsipp. Nokre stavingar har trykk, andre er trykklette. I eit dikt med eit fast rytmeskjema ser ein då på den regelmessige vekslinga mellom trykktunge og trykklette stavingar. I gammalgresk er det meir fruktbart å skilja mellom korte og lange stavingar, og i antikk metrikk hadde ein derfor eit tilsvarande system, men etter eit kvantifiserande prinsipp. I romanske språk er skilket mellom trykktung og trykklett underordna; i staden teller ein stavingar i kvar linje, og versa er syllabiske.

Frå gresk verselære kjem eit skilje mellom fleire ulike verseføter og nemningane deira (X = trykktung, x = trykklett):

Rim endre

Ein skil mellom enderim, midtrim, innrim og startrim. Eit enderim kan vera:

Der bode en underlig gråsprængt en
på den yderste nøgne ø; -
han gjorde visst intet menneske mén
hverken på land eller sjø;
(Frå «Terje Vigen» av Ibsen)

Enderima her er en-mén og ø-sjø.

Midtrim kan vera:

Han fant dens eier
og vant en seier

Her er vant og fant midtrim.

Kjederim er når rima er fordelte nedover i diktet, men ikkje som ei rekkje av midtrim eller enderim. TIl dømes:

Han løp så fort,
forbi det hele.
Ikke dvele, natten kommer
i en sommer som svant bort.

Her er rekkja hele-dvele-kommer-sommer, og kjeda er avslutta med bort-fort.

Dessutan finst stavrim, halvrim, assonans og bokstavrim eller alliterasjon.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Metrikk» frå Wikipedia på bokmål, den 14. juli 2013.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
    • André Bjerke: Versekunsten, rytme og rim, Ascehoug 2000 (1. utgave 1980).
    • Hallvard Lie: Norsk verslære, Universitetsforlaget 1967.

Bakgrunnsstoff endre