Mancave er eit skjemtande uttrykk for eit rom eller ein stad, ofte i ein heim, som er brukt av ein mann til å trekke seg attende, gjerne for å dyrke interesser. Det kan vere åtskilde rom i eit hus som kjellar, loft, kontor eller garasje, eller utanfor huset som ei trehytte eller ei snikkarbu, der ein mann kan halde på som han vil utan innblanding av kvinneleg sensibilitet.

Eit kontor kan fungere som «mancave».

Ordet kjem frå amerikansk-engelsk man cave, samansett av man «mann» og cave «hole, grotte»[1] Det kom i bruk etter 1993-utgjevinga Men Are from Mars, Women Are from Venus av John Gray.

Kjelder endre

  1. «mancave». Det Norske Akademis ordbok. Henta 31. mars 2019.