Manchar-vatnet
Manchar-vatnet eller Manchar-sjøen (sindi منڇر ڍنڍ, urdu منچھر جھیل, også skrive Manchchar) er eit vatn i Sind i Pakistan. Det er ein naturleg innsjø med sumpaktig ferskvatn som varierer mykje i storleik med årstidene, frå 36 km² i tørketida[1] til 500 km² eller meir i regntida.[2][3] I regntida er han den største innsjøen i Pakistan og ein av dei største ferskvassjøane i Asia.[4][5]
Mancharvatnet | |||
innsjø | |||
Mancharvatnet i Sind.
| |||
Land | Pakistan | ||
---|---|---|---|
Høgd over havet | 35 moh. | ||
Areal | 228−250 km² | ||
Største djupn | 5 m | ||
Volum | 740 000 000 km³ | ||
Manchar-vatnet 26°25′N 67°41′E / 26.41°N 67.68°E | |||
Wikimedia Commons: Manchar Lake |
Mancharsjøen ligg vest for elva Indus, i Jamshoro og Dadu distrikt, 18 km unna Sehwan Sharif.[6] Gjennomsnittsdjupna i sjøen er berre 2,5 til 3,75 meter.[3] Sjøen får vasstilførsle frå fleire bekkar i Kirtharfjella og via kanalar. Han er knytt til Indus via to kanalar, Aral og Danister, og til Hamal-sjøen via Main Nara Valley Drain (MNVD).[7] Han ligg 6 meter lågare enn elveleiet til Indus, og tek av og til imot flaumvatn frå elva. Om vinteren, når vasstanden i elva er låg, renn vatn frå sjøen til Indus.[1][8][9]
Under ei tørke i 1958 tørka Manchar-sjøen heilt opp.[7] Under flaumane i Pakistan i 2010 fløymde sjøen over.[10] Under flaumane i 2022 gjorde ein hol i ein voll ved sjøen for å sleppe ut vatn for å unngå brest på demningar og flaum på meir folkesette stader.[11]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Goudie, Andrew (2002). Great Warm Deserts of the World: Landscapes and Evolution (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-924515-4. Arkivert frå originalen 4. september 2022. Henta 9. mai 2021.
- ↑ «Pakistan - The Indus River plain». Encyclopædia Britannica. Henta 5. september 2022.
- ↑ 3,0 3,1 Ebrahim, Zofeen (September 17, 2015). «Photo story: The destruction of Pakistan's Manchar lake». The Third Pole. Arkivert frå originalen 25. august 2018. Henta 20. april 2020.
- ↑ «Indus River and Manchhar Lake». earthobservatory.nasa.gov. 10. september 2010. Arkivert frå originalen 23. oktober 2020. Henta 20. april 2020.
- ↑ «NaiGaj Dam inevitable for revival of Manchar Lake». Daily Times. 28. august 2019. Arkivert frå originalen 5. desember 2019. Henta 20. april 2020.
- ↑ «Manchar Lake». Discover Pakistan. Arkivert frå originalen 25. desember 2018. Henta 11. desember 2018.
- ↑ 7,0 7,1 Zehra, Syeda Mahe (May 2010). Time series models of the electrical conductivity measured at the Manchar Lake in Pakistan (thesis thesis). Arkivert frå originalen 4. september 2022. Henta 20. april 2020.
- ↑ Pruthi, R. K. (2004). Indus Civilization (på engelsk). Discovery Publishing House. ISBN 978-81-7141-865-7. Arkivert frå originalen 4. september 2022. Henta 9. mai 2021.
- ↑ «DADU: Manchhar lake to get water from Indus». Dawn. Pakistan. 26. juni 2006. Arkivert frå originalen 4. september 2022. Henta 20. april 2020.
- ↑ «Flooding in Pakistan», earthobservatory.nasa.gov (på engelsk), 15. september 2010, henta 5. september 2022
- ↑ Ansari, Atta (4. september 2022), «Mange ventar på nødhjelp i flaumramma Pakistan», NRK, henta 5. september 2022