Mangerton Mountain

Mangerton Mountain (irsk An Mhangarta) er eit fjell i County Kerry i Republikken Irland med ei høgd på 839 meter over havet. Mangerton ligg i ei fjellkjede utan namn aust for byen Killarney, ofte berre referert til som Aust-Kerryfjella. Ein stor del av fjellkjeda ligg innanfor Killarney nasjonalpark, inkludert heile vestsida av Mangerton Mountain. Mangerton grensar til eit forholdsvis lågt myrområde i vest og i nord til Devil's Punchbowl, ein stor botnsjø. Aust for toppen ligg det ein djup U-dal kalla Glenacappul eller Hesteskaret. På andre sida ligg det 705 meter høge fjellet Stoompa.

Mangerton Mountain
fjell
Land  Irland
Område Kerry
Fjellkjede Aust-Kerry
Høgd 839 moh.
Koordinatar 51°58′N 9°29′W / 51.96°N 9.48°W / 51.96; -9.48
Kart
Mangerton Mountain
51°58′13″N 9°29′04″W / 51.970308333333°N 9.4843944444444°W / 51.970308333333; -9.4843944444444
Wikimedia Commons: Mangerton Mountain

Kjelder

endre