Manifest senter for samfunnsanalyse
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Manifest Tankesmie, òg kalla Manifest senter for samfunnsanalyse, er ei norsk venstreorientert tankesmie som vart starta i 2009. Senteret vart initiert av Stiftelsen Manifest og rapporterer til eit styre leia av Roar Eilertsen.
Føremål, finansiering og organisering Endra
Ifølgje føremålsparagrafen skal senteret setja dagsorden i norsk politikk gjennom eit kunnskapsbasert, folkeleg opplysningsarbeid. Manifest Tankesmie skal dokumentera samfunnsproblem, analysera årsaker og lansera løysingar som fremjar deltaking, demokrati og rettferd.
Senteret er finansiert gjennom ei abonnementsordning.[1] Klubbar, fagforeiningar, sentrale forbund og sammenslutningene LO og UNIO er abonnentar. I tillegg gav Fagforbundet 500 000 kroner i oppstartsstøtte i 2009.
Tankesmia støttar seg til eit fagligpolitisk råd som er valt av abonnentane.[2]
Verksemd Endra
Tankesmia publiserer rapportar, notat, pamflettar, driv omfattande foredragsverksemd og deltek i samfunnsdebatten gjennom massemedia. Manifest Tankesmie arrangerer opne møte, debattar og Manifest Årskonferanse, som årleg samlar rundt 900 deltakarar på Sentrum Scene i Oslo.
Nettidsskriftet Manifest Tidsskrift er ein frittståande del av verksemda til tankesmia. Redaktør er Ellen Engelstad, som driv etter redaktørplakaten.
Leiing Endra
I oktober 2014 vart Cathrine Sandnes leiar av tankesmia og Forlaget Manifest.[3] Ho overtok sidan tidlegare leiar Ali Esbati vart vald inn i Riksdagen for Vänsterpartiet.[4] Frå august 2017 er Magnus Marsdal tilsett som dagleg leiar.[5]
Daglege leiarar:
- Ingrid Wergeland (2009-2010)
- Julie Lødrup (2010-2012)
- Magnus Marsdal (2012-2013)
- Ali Esbati (2013-2014)
- Cathrine Sandnes (2014-2017)
- Magnus Marsdal (2017- )
Kjelder Endra
- ↑ «Finansiering» på Manifest Nettsidene til tankesmie
- ↑ «Fagligpolitisk råd» på Manifest Nettsidene til tankesmie
- ↑ dagbladet.no
- ↑ e24.no
- ↑ «Kamp om nasjonalstaten». Klassekampen. 01.03.2017.
- Denne artikkelen bygger på «Manifest senter for samfunnsanalyse» frå Wikipedia på bokmål, den 22. august 2018.