Mann Oh! mann var eit skandinavisk gameshow som gjekk på TV3 frå 1994 til 1996. Formålet med programmet var å kåre «Skandinavias kjekkeste mann».

Mann Oh! mann
Typefjernsynsprogram
SjangerGameshow
OpphavslandNoreg, Sverige, Danmark
Sesongar5
Episodar10 - 12
SpråkNorsk, svensk, dansk
Periode29. mars 1994
24. mars 1996
KanalFlagget til Noreg TV3

I dette underhaldningsprogrammet stilte menn opp til ulike oppgåver, og blei heia fram av eit kvinneleg publikum, samtidig som vertinner dytta taparane ut i eit basseng. Dei ti mennene skulle gjennom både sjølvvalde og pålagde «øvingar». I fyrste runde skulle alle syngje, danse, eller finne på noko sjølv. Damene bestemte kva for tre menn som måtte gå i vatnet og dermed var ute av konkurransen. Så skulle dei improvisere overfor tre damer som dei møter i forskjellige situasjonar. Fire nye menn skulle så i vatnet. Deretter blei det sunge (karaoke), og til sist skulle dei som var igjen posere.

I løpet av 11 program skulle det bli kåra 11 vinnarar som møttest til ein finale på den spanske øya Ibiza. Michael frå Danmark vann i fyrste sesong, og fekk dermed ein laurbærkrans og ein Suzuki-jeep.

Konseptet hadde sine avleggjarar i både Sverige og Danmark.

Vinnarar endre

  •   Michael (sesong 1)
  •   Eivind Walstad (sesong 2)