Many Glaciers Pond
Many Glaciers Pond er eit tjern, 500 meter langt, 1 km sør for snuten på Commonwealthbreen i Taylor Valley i Victoria Land. Tjernet er ein del av Aiken Creek-vassdraget og får vasstilførsel frå fleire isbrear, inkludert Commonwealthbreen, Walesbreen og ein namnlaus isbre like vest for tjernet. Namnet vart foreslått av Diane McKnight, ein hydrolog i US Geological Survey (USGS) som leia ei feltgruppe som studerte hydrologien i elvane som munnar ut i Lake Fryxell i Taylor Valley, 1987-1994.
Many Glaciers Pond | |||
innsjø | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Victoria Land | ||
- koordinatar | 77°36′S 163°19′E / 77.600°S 163.317°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Many Glaciers Pond 77°36′00″S 163°19′01″E / 77.6°S 163.317°E | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Many Glaciers Pond» (innhald frå Geographic Names Information System).